Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Tulletur mot Togga

Datum:
23.09.2018
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:00h
Entfernung:
3,0km

Kona ville vere heime medan eg, jenta og hunden ville ut. Då vart det Togga med større ambisjonar enn kreftene og tålmoda tilsa. Eit stykke oppover i sørgde eg for at jenta fant ein liten skatt, noko som betra humøret to hakk. Etter dette bar det nedover att, nesten heile vegen til bilen, inntil eg fant ut at regnjakka til jentungen hadde forsvunne frå sekken. At den låg att der vi gjekk ned att fekk eg stadfesta når eg var komen opp att, med jentungen på ryggen og 187 i puls. Så bar det ned igjen til bilen for andre gong. Så joda, det vart no ei treningsøkt av dette og.

Nuken

Datum:
09.09.2018
Entfernung:
5,7km

Fin tur til (Duke) Nuke(m) - høhø! Og tida flyg når ein diskuterar 90-talsmusikk og metal med brodaren på veg opp.

Karte    

Ein liten trasketur mot Gjendehøy

Datum:
02.09.2018
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:00h
Entfernung:
4,0km

Jada, Beitostølen igjen. Tredje forsøket, etter at to tidlegare hytteturar vart kansellert som følgje av sjukdom og arbeid. Denne gongen fekk det vere nok. Turplanlegging viste seg derimot å vere litt daufødt, all den tid eg vart forkjøla første dagen, og det verken var "fugl eller fisk" i fjellet. Men tur vart det uansett. Trasking - og frysing - i friskt ruskever er likevel sjelden ei god oppskrift på rask friskmelding. Men kva skal ein liksom ta seg til på ei hytte? Sjå i veggen eller på Dr. Phil? Nei, takke meg til. Sjølv om vi ikkje fekk til ein skikkeleg topptur, vart det litt trasking mot Gjendehøy i snø- og vindkav. Jaja. Vi fekk no sett ein reinsdyrsflokk til glede for jentungen, om ikkje anna. Ikkje dårleg det, når resten er passe drit. Halvgod stemning..