Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Tour (1)
- Expedition (1)
- Fahrradtour (6)
- Fußtour (87)
-
Skitour (49)
- Randonnée/Telemark (37)
- Tourenskilauf (12)
Bitteliten tur til Varden, Kalvåg
- Datum:
- 17.07.2018
På årets sommarferie la vi turen innom Fiskelandsbyen Kalvåg som kan skilte meg noko so storslott som Varden. Ein knaus på 95 moh. Gud betre for eit slit..
Store mål for små bein
- Datum:
- 15.07.2018
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 1:30h
- Entfernung:
- 3,7km
Ein enkel tur for små bein til Fisketjernnuten vart målet denne dagen. Det er fin sti i slakt terreng rett ved den nedlagte (og nedrive) vandrarheimen. Brunne ned kan hende? Men ingen har teke seg bryet med å fjerne skiltet. Uansett, jentungen var flink til å gå og fekk belønning i sjokolade. Ikkje meir som skal til eigentleg for å nå denne tulletoppen.
Ein slags fjelltur
- Datum:
- 14.07.2018
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 3:00h
- Entfernung:
- 5,0km
Ambisjonen om å gå til Svarteknippa frå hovudvegen ved foten av Bitihorn viste seg ganske fort å vere overambisiøst, når ein har ei kone med rygg som er stiv som ein stokk, og ein 2-åring som ville gå og hoppe og sjå på steinar og vardar og plukke blomar for kvar meter. Då gjekk planen fort i vasken. Vel, vi kom oss likevel opp i høgda og fekk svetta litt. Får vere nøgd med det. Det er tross alt betre enn å site heime i sofaen og slaske seg som ein feit gris.
Menes-traversen
- Datum:
- 07.07.2018
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 12:30h
- Entfernung:
- 24,9km
Så var det 5-årsjubileum for karane på tur.
Det heila starta, i kjend stil, med ein tragisk krangel om mat. Arnold lagde eit lurveleven utan sidestykke då han fekk vite at det kun var tørrfor av laks att til han. Det enda med at han gjekk svolten heile turen.
Etter avgong med to bilar kl. 07.05 frå Balestrand, ein halvtime bak skjemaet, sette vi frå oss ein bil i Vetlefjorden og den andre bilen på Menes. Her var det ok med parkeringar begge stadar, men vi skulle sjølvsagt ha køyrd bilen i Vetlefjorden lenger opp skogsvegen mot fjellet. Det skulle vi angra seinare. Det var eg, tosken, som skal ta på meg skulda for det.
Frå Menes følgde vi god sti oppover. Det var likevel klamt og varmt, til tross for at Arnold hadde bedyra at det maks ville verte ca. 8 grader på fjellet. Dette viste >>>
Fuglesteg, Fortun
- Datum:
- 24.06.2018
- Tourcharakter:
- Bergtour
Tur til Fuglesteg i yrever med hannhund i banj`og unge i meis. Lett å finne parkeringsplass og finne fram. Ganske bratt oppover grusvegen, men ikkje verre enn at til og med personar med gåstol kan kome seg fram. Elles var det ein fin plass med glimrande utsikt og hyggeleg personale. Einaste som var skikkeleg drit var at vi hadde gløymd kaffien heime. Fuglesteg-kaffien smakte vatn.
Hit vert det uansett fleire turar - MED kaffi.
Via Ferrata, Loen
- Datum:
- 01.06.2018
- Entfernung:
- 1,6km
Seiminartur med jobben og ei dugeleg utfordring attpåte`. Fyrst ein bratt grusveg, så litt lett klyving, deretter litt tyngre klatring, og så rett opp-klatring. Sistnemnde var kjekt! Så var det over ei jækla smal bru, og til slutt balansering på ein stålvaier - begge over den sikre daud. Mykje morro på vegen!
Steindalsnosi
- Datum:
- 21.05.2018
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Entfernung:
- 7,9km
I motsetning til toreveret i hadde dist gong, vart denne dagen kruna med sol. Men det betydde sjølvsagt og at det krydde av folk på ruta vår. Steindalsnosi er eigentleg ganske fin å gå, då det er rett opp frå vegen og går raskt og enkelt. Føre ned att var heilt ok, slushy i brattaste partiet og noko luggete nedst. Det er på tide å leggje vekk ski no.
Knall og fall i Kjeringi Open
- Datum:
- 14.04.2018
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Tourlänge:
- 4:00h
Topptur til Store Raunekletten
- Datum:
- 28.03.2018
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Entfernung:
- 8,0km
Ein kjapp tur til Store Raunekletten via Bruhjellstølen, etter at vi skrota planen om Johannesberg. Tok på oss skia frå ca 650moh. God og lett gli fram til toppen. Elles god snø ned til Kisane. Derfrå vart det balle-føre. Sesongen byrja gå mot slutten no..
På betongføre over Frudalshesten til Berge
- Datum:
- 17.03.2018
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Entfernung:
- 18,4km
Ja, kva skal ein så seie om denne turen. Mest tragikomisk kan hende.
Eg, Håvard og Asle hadde store forventningar då vi med glød og iver parkerte bilane på Berge og ved Frudalen, nettopp for å gå over Frudalshesten og ned til Fjærland. Dette er jo ein must do-tur i Sogndal, som etter dei siste ryktene å døme, baud på puddersnø frå topp til botn. Dette fekk vi og stadfesta av ein, etter vår oppfatning, fjellvant kar vi møtte på Frudalshesten. Så då gjekk det ikkje an å klage over dei 1100 høgdemetrane vi først hadde forsert nei. Vi skodde på oss utstyret og var som ungar på julekvelden.
(Berre så det er sagt: Turen til toppen, via Frudalen, gjekk for så vidt heilt greitt. Vi måtte opp nokre litt bratte heng på vegen, men så lengje skredfaren var låg og vi tok forholdsreglar, >>>