Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Tour (1)
- Expedition (1)
- Fahrradtour (6)
- Fußtour (87)
-
Skitour (49)
- Randonnée/Telemark (37)
- Tourenskilauf (12)
Skjervebottjernet
- Datum:
- 04.06.2017
- Tourcharakter:
- Fußtour
Ja, så kom regnet da. Og kva fan skal ein finne på inne på ei hytte da, bortsett frå å spele gammal ludo og kaste nokre slitne terningar. Nei da vart det heller tur i øs-pøs.
Fullt så ille var det vel ikkje sjøv om det regna, var våt snø og bekkar overalt. Målet vi sat ut var Sandhaugen, vest for Bitihorn men her var vannstanden i elva såpass høg at det ikkje var forsvarleg å dra kone, unge og ein liten hund over elva. Så difor gjekk vi heller fram til den litt lugubre bua framme ved Skjervebøttjernet der vi fann ein potetgullpose frå 2013 og hermetikkspagetthi frå Gud-veit-når. Og nei, vi åt det ikkje! Typisk skrekkfilmscenario-hytte var kona si meining. Jau, men den skjerma oss i alle fall frå dretveret.
Heilt greitt!
Raudhorn
- Datum:
- 03.06.2017
- Entfernung:
- 11,5km
Raudhorn vart løysinga etter at Mefjellet gjekk i dass. Grunnen var eit maraton-løp (!) på Beitostølen som kravde at vegen vart stengd til halv to. Ja, kva skal ein seie. Kan ikkje desse folka bruke fjellet slik det SKAL brukast og heller springe asfalt i byområda og låglandet.
Nuvel. Difor tok vi altså turen mot Slettafjellet. Der var vegen stengd frå brua pga. snø. Det skiltet laug, for her var det ikkje så mykje som ein snøflekk å oppdrive.
Elles hadde vi ein fin tur frå brua til Raudhorn og tilbake. Eg stussa litt på at toppen Raudhorn ser ut til å liggje svært langt vekke, men slik vart det ikkje. Siste stykket opp fjellet gjekk raskt, og kona hang godt med. Utruleg nok ingen sutring. Vegen tilbake over Gipehovda vart derimot litt i overkant, men da bar eg heller sekken hennar. >>>
Kaupangerholten
- Datum:
- 01.06.2017
Fjasetur frå veg. Flott utsikt til Bleia og fin rasteplass like nedanfor.
Storehaug og Bondehaug
- Datum:
- 31.05.2017
- Tourcharakter:
- Fußtour
Tja, kva skal ein seie om dette. Eit par attgrodde "toppar" med halvgod utsikt. Det var kan hende litt råflott å køyre forbi Molden nesten heilt fram på grusveg, men når ein har med unge og hund må det nesten vere lov (all den tid det er mogleg). Frå vegen var det ein kort tur på sti/traktorveg til Storehaug, men desto meir utilgjengeleg til den andre toppen. Det vart litt å gå etter GPS i kart og føle seg fram, og det gjekk heilt greitt. Måtte leite litt etter sjølve toppen Bondehaug, som låg litt utilgjengeleg til men her var det OK utsikt til Molden. Gjekk nesten rett ned att derfrå. Heilt grei tur samla sett.
Forsøk på Steindalsnosi
- Datum:
- 28.05.2017
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Entfernung:
- 5,0km
Ingen bestigningar denne gongen, da vi måtte snu pga dritver i anmarsj. Betre lukke neste gong.
Kjørkhovden
- Datum:
- 27.05.2017
- Entfernung:
- 9,0km
Enda ein sekundærtopp som skulle nåast. Gjekk i dritvarmt vêr opp til Ljøtaholet ca, passerte elva og deretter var det beine vegen opp til det som skilte seg ut som det høgaste toppunktet. Nesten null utsikt på toppen (sjå bilete). Deretter var det sørover og ned på stien mot Åberge att. Halvkjekk tur
Stedjeåsen
- Datum:
- 26.05.2017
Stedjeåsen er gått mange gonger før. Men aldri med 13 kg på ryggen. Så svett vart eg.
Skriki frå Øvstedalen
- Datum:
- 11.03.2017
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Tourlänge:
- 3:30h
Good tur dette. Snøen var rass på veg opp, men jammen vart det varmare slik at skaren forsvant og det var så godt som pudder på veg ned att.