Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Tour (1)
- Expedition (1)
- Fahrradtour (6)
- Fußtour (87)
-
Skitour (49)
- Randonnée/Telemark (37)
- Tourenskilauf (12)
Middagshaugen
- Datum:
- 12.07.2017
- Entfernung:
- 6,8km
Middagshaugen ja. Med unge i beremeis og vilter hund i band. Jaja.
Eg køyrde opp frå Fjærland mot Horpedalen, og sat bilen i vegkanten eit lite stykke forbi den siste garden. Derfrå gjekk eg over ei bru litt nedover i dalen og fann fort stien oppover mot Endrestølen. Herfrå gjekk det fin sti. Greitt, så langt.
Når eg kom til Endrestølen var det derimot stopp. Stien fortsette riktignok innover dalen, men det var lite spor å sjå i retning toppen til Middagshaugen. Så da måtte eg finne vegen sjølv.
Det var lettare sagt enn gjort. Den vegen eg valde var bratt, glatt, steinete og jævleg. Her gjaldt det først og fremst å halde seg på beina, og ta hunden i armane over verste steinane. Opp kom eg likevel, fram til varden på toppen. Da vart det 5 minutt pause i frykt for dritveret som >>>
Vetla Supphellenipa, Fjærland
- Datum:
- 08.07.2017
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 6,5km
Etter gårsdagens sjøslag, inkludert fleire glas brunt brennevin, var ikkje dagen komen for å ta 3 nye 2000m-toppar. Difor peika Vetla Supphellenipa seg ut som ein overkomeleg tur denne dagen (derpå).
Vi satte bilen på parkeringsplassen ca. ved start (det kosta 40 kr per dag - kontant).
Elles går det fin sti heilt fram til Tunga, der den deler seg (begge i retning Flatbrehytta). Her kryssa vi elva - retning aust - og følgde oppover dalen på baksida av fjelltoppen.
Når vi kom nesten opp til enden delte stien seg igjen, ein i retning Flatbrehytta og den andre mot Vetla Supphellenipa. Herfrå hadde vi god utsikt til Flatbreen, som er eit ganske spektakulert skue.
Det vart eit lite stykke over småknausar fram til toppen, der vi til slutt vart krona med flott utsikt over Fjærlandsfjorden.
Store Smørstabbtinden m. fl.
- Datum:
- 07.07.2017
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 14,6km
Så var det endeleg klart for den årlege fjellturhelga med Jon Kristian og Arve - etter ein pause på ca 2 års tid. Sjølv om vi kom oss noko seint i gong, blant anna som følgje av at Arve haldt 40km/t heile vegen over Sognefjellet, gjekk alt etter planen.
Parkering ved Krossbu.
Frå Krossbu følgde vi stien inn mot ryggen til Store Smørstabbtinden. Her haldt vi oss på fjellryggen til venstre for Leirvatnet. Deretter følgde vi høgre (vest) sida av fjellet. Det var stort sett sti utan problem.
Utsikt til Store Smørstabbtinden.
Stort sett greitt å gå over snøen.
Frå toppen var det glimrande utsikt frå toppen til Kniven, Storebjørn med fleire. Vi kom og over ein sekk som nokon hadde lagt frå seg etter å ha gått vidare mot Kniven. Eg og Arve diskuterte kort om vi skulle flytte alt innhaldet >>>
Lett rusletur med meis og hund
- Datum:
- 13.06.2017
- Entfernung:
- 3,4km
Dette var vel ikkje heilt dagen for dei lange utfartar pga. svært lite/dårleg svevn i natt. Så det vart lett rusling og fjasing i kulturlandskapet i retning Sogndal transformatorstasjon. Enkelt og greitt.
Nipa, Luster
- Datum:
- 12.06.2017
- Entfernung:
- 7,4km
Under utrygg himmel starta eg turen frå kyrkja. Her var det godt med plass for parkering. Eg følgde deretter vegen opp eit lite stykke til eg kom fram til ein attgrodd traktorveg som eg følgde litt oppover til ei grind. Vidare gjekk det oppover til ei ny grind, og jammen meg til enda ei grind. Forbi denne var eg komen litt vekk frå stien som skulle starte ca. på denne høgdekurva, men den fann eg raskt.
Elles gjekk det på ok sti nesten til toppen, der eg svinga av litt og tok beine vegen opp. Ned att gjekk eg på gps og bratt-appen til vegen i dalen lenger oppe. Da slepp eg heldigvis å passere fleire gjerder (berre sauefeller/vegrister). Dette gjekk heilt greitt (og var ikkje spesielt bratt), bortsett frå at jentungen i meisen vart livredd alle sauene som kom brekande etter oss. Forståeleg. >>>
Holsåsen
- Datum:
- 08.06.2017
- Entfernung:
- 2,4km
Lett vandring i lyng opp til stolpen på toppen. Noko utsikt. Nokre dyretråkk her og der som ikkje er verdt å følgje. Møtte på ei rype og ein hjort, elles var det lite å skrive heim om.
Runden til Englandshovden-Imesdal-Veslehovden-Kammen
- Datum:
- 06.06.2017
- Entfernung:
- 10,2km
Ja, så var det om å gjere å ta nokre skundærtoppar da. Dette vart litt lenger enn eg hadde trudd, sjølv om det stort sett gjekk greitt. Følgde grusvegen opp til Ølnesstølen og deretter på eigne vegval opp mot Englandshovden. Deretter skråa eg ned mot Imesdal, for å unngå verste bratta ("Bratt" er jaggu meg ein kongeapp å ha i slike tilfelle!).
Når eg kom opp på Vetlehovden var både eg og jentungen i meisen litt lei, men kunne ikkje snu for det om. Kammen vart raskt bestige og eg følgde deretter grusvegen ned til eit krysningpunkt der eg følgde linja mot vegen til garden England (Gudane veit kvifor den har det namnet). Linjetraséen var noko skikkeleg drit, over ur og bregner og sleipt og jævlegt. Litt "utanfor" det forsvarlege med ein liten hund i nevane >>>
Søre buskardknappen
- Datum:
- 05.06.2017
Ja, så fekk vi jammen meg godt ver. Da passa det bra med ein tur til Søre Brurskardknappen. Har vore på nordre knappen (i ein helsikes mygg-stim) så da var det greitt å "sjekke ut" denne og. Her var det heldigvis null mygg.
Fin sti frå parkeringplassen over ryggen og fram til toppen. Mange fine plassar å raste på og flott utsikt mot dei store toppane i vest. Kan anbefalast som familietur, men ikkje om du treng utfordringar. Da kan denne toppen drite og dra.