Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Den aller første fjellturen!

Datum:
17.09.2016
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:30h

Sjølv om fjellturen var liten er det stort når det er første fjellturen i livet. 4 månader gammal. Gjendehøe er no hogd i stein. Nydeleg vér og herleg fjelluft var det som møtte oss denne dagen. Vi gjekk frå nedsida av hovudvegen i ein slak stigning rundt toppen og tok deretter til høgre - opp til toppunktet. Jenta låg i selen og var blid og nøgd heile vegen. Akkurat passe langt. Ein tipp-topp familietur.

Karte    

Snartur med Snusen

Datum:
16.09.2016
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
1:00h
Karte    

"Snartur" til Nonshaug

Datum:
10.09.2016
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:30h

Snarturar på tom mage er sjelden ein god idé. Dette var ein slik tur. Etter å ha lest at det gjekk sti frå Solvorn til Nonshaug/Skinarfjellet, var eg hypp på å prøve frå andre sida. Eg køyrde i retning Barsnes så langt eg kom. Asfaltvegen gjekk etter kvart over til grus, og så var det stopp (men heldigvis parkeringsplass). Herfrå gjekk det skilta sti mot stølen Dalen, og vidare mot Helgasete. Fram dit var det faktisk 5 km. Rimeleg langt når ein ikkje hadde spist på 4 timar, men å snu kom ikkje på tale. Fram til Helgasete var ein grei tur på god sti. Tok vel knapt ein time. Frå Helgasete gjekk stien vidare (sjølv om det ikkje var merkt av på kart) gjennom Hestadalen mot skaret og ned att i Solvorn. Litt før skaret tok eg rett venstre opp mot Småhaugane, hakk i hælane på >>>

Karte    

Balestrand på sitt beste

Datum:
04.09.2016
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
4:00h

Endeleg godt vér i Balestrand, og dags for familietur. Gjekk frå Skåsheim opp til Fjærestadstølen og vidare til Buråsi. Her gjekk vi vidare til Raudmelen og ned att til Kalbakk. Vidare ned til Skåsheim. Ikkje noko drit-tur dette!

Karte    

Reppanipa - her får du lite gratis

Datum:
29.08.2016
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:45h

Reppanipa, denne sagnomsuste toppen. Eller tja. Toppen måtte uansett kryssast av Sogndal-lista, og denne turen ville passe fint ein solrik ettermiddag. Eg tok av til venstre frå hovedvegen opp Kollsetevegen. Det var tydeleg at grunneigaren ikkje ville ha trafikk over gardstunet sitt, så eg sette bilen frå meg lenger nede og starta å gå. Eg følgde grusvegen eit godt stykke oppover, og passerte nokre hytter/bustader/palass. Etter ein del trasking kom eg opp til Kollsetestølen. Herfrå var det lite sti og hjelpa seg med, så da var det å brøyte seg gjennom gras og myr og gje blanke i å verte våt på beina. Eg tok luftlinja rett mot Reppanipa, og fann til slutt ein grei, men bratt oppstigning på høgre (nordlege) sida av toppunktet. Litt klyving, men heilt ok. Brukbar utsikt på toppen.

Karte    

Familietur til Store Skoddebotntinden

Datum:
27.08.2016
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
4:00h

Mykje er sagt og skrive om den fantastiske utsikta på Store Soleibotntinden. Eg hadde difor sett fram til denne turen lengje. Eg, far (Arnold) og bror (Eirik) sette av garde frå parkeringsplassen og gjekk beine vegen over Bukkanosi og vidare oppover. Stien kom og forsvant litt i steinrøysa, men så lengje ein følgde ryggen gjekk det utan problem. Likevel var det ein god del våte og sleipe steinar, og hunden måtte difor berast eit stykke. For å seie det slik: dette var ikkje noko særleg til tur for ein liten hund. Etter ein del strev kom vi opp på toppen og vart krona med NULL utsikt i tåkehavet. Takk fan for kvikklunsj!

Rask kveldstur med litt action

Datum:
25.08.2016
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
1:45h

Rask kveldstur til Søre Gråbrørne. Følgde traktorvegen eit stykke oppover og over ei lita bru. Like etter må ein ta til høgre og innover ein meir attgrodd veg, forbi eit lite stølshus. Elles var det fin, merka sti resten av vegen. Sprang ned att ein litt anna veg - stor sett på traktoveg. Der heldt vi på å springe på ei tiur som flaska rett forbi oss, og som hunden deretter jaga inn i skogen. Fakerten til stort dyr!

Karte    

Rundtur til Nuken

Datum:
17.08.2016
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:00h

Fin kveldstur til Nuken med hund og Asle Kvam. Flott vèr, men vått overalt.

Karte    

Ein rundtur på villspor

Datum:
14.08.2016
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:00h

Målet var å ta ein rask tur til Lingesetfjellet. Skodde eller ei, dette var ein topp eg ikkje hadde vore på før. Parkerte på utsida av flyplassen. Her er det tillaga parkeringsplass for turgåarar. Følgde derfrå ein grusveg eit godt stykke innover. Her er det supert å sykle, for dei som føretrekk det! Eg jogga og gjekk med hunden. Det var ikkje skilta (eg såg i alle fall ingenting), men det er av og til merker i raudt. Eg kom etterkvart til eit kryss, der eg tok til venstre - bortover, ikkje oppover. Etter ca. 40 min, tok eg av frå grusvegen, da eg trudde det var ein sti der. Men dette var tydelegvis ikkje noko anna enn merker i terrenget, sikkert som følgje av arbeidet med oppsetjing av høgspentmastene. Eg gjekk så opp på ein liten høgde og såg da ein merka sti lenger nede i >>>

Karte    

Slakkafjellet - tur med sykkel, snarare enn "sykkeltur"

Datum:
07.08.2016
Tourcharakter:
Fahrradtour Gelände
Tourlänge:
2:00h

No er ikkje akkurat eg ein toppidrettsutøvar, men om du ikkje heiter Gunn Rita Dale så er vel ikkje akkurat dette sykkelturen eg vil anbefale. I alle fall ikkje på ein slik våt dag. Sykkelen var med meg opp til toppen ja, men eg sat ikkje akkurat på han på veg opp. Eg parkerte på motsett side vegen frå der grusvegen mot Slakkafjellet startar. Sykla oppover grusvegen til skiltet mot Slakkafjellet, og prøvde meg vidare litt oppover på stien. Eg gjekk fort over til å trilla sykkelen framføre meg. Stien kryssa grusvegen to gongar, og eg angra difor på at eg ikkje følgde grusvegen lengre. Det vart etterkvart brattare, smalare, meir attgrodd og ikkje minst gjørmete. Ikkje akkurat tipp-topp sykkelforhold i bratt oppoverbakke - med ein vilter hund i band. Greitt nok. Nådde til slutt ein >>>