Dag 3 Fodnes-Årdalstangen (06.08.2020)
Besteigungen | Munkenosi (1.588m) | 06.08.2020 11:36 |
---|---|---|
Besuche anderer PBE | Middagshaugen (1.122m) | 06.08.2020 12:44 |
Dag 3 starta tidlegare enn dag 2. Myggen som hadde plaga oss kvelden før, var erstatta med frisk bris, men heldigvis ikkje regn. Utsikta var derimot framleis fråverande. Vi fekk i oss frukost og kaffi, fylte vatn i bekken like ved og sette av stad på fin sti nordover.
Vi visste likevel at vi måtte halde lenger mot aust for å unngå Årøydalen (som skjer inn som ein kniv i frå vest), så vi dreide ganske raskt oppover og over fjell-massivet mot Munkenosi. I skoddehavet vart det det eine luretoppen etter det andre, og det var så vidt eg fekk overtala Eirik til å verte med meg heilt opp.
Så vart Munkenosi til slutt nådd. Ein sekundærtopp vel og merke, men ein tar det ein får.
Ned att fjellet sparte vi bein ved å skli på fin-fin snø i retning Middagshaugen. Dette gav den desidert beste utsikta på turen, både innover og utover fjorden.
Ned att frå Middagshuagen følgde vi ein særdeles bratt sti ned mot Finnsåsen - han var rett og sett "brutal" som Eirik omtalte det. Det er lett å forstå at turlaget i Årdal ikkje er på Munkenosi annankvar helg når ein ser kva dei må slite med her. Trøste og bære. På stien (rett) ned passerte vi og det ville Kleppur-juvet, som utløyste eit gigantisk steinras i 1983 med ei påfølgjande flodbylgje som førte til stor skade på småbåtar og kaianlegg på Årdalstangen. Ikkje akkurat småtteri dei skal hanskast med på tangen, nei.
Nede på Finnsåsen var det stive og såre bein. Eirik ville blant anna ikkje gå dei ekstra tretti metarane fram og tilbake til postkassa før vi tok turen vidare ned att. På biltet skimtar ein elles Middagshaugen og Kleppur-juvet i det fjerne, og traseen vi følgde nedover.
Nede på "Tippen" kom endeleg sola, men diverre opna ikkje Klingenberg cafe før kl. 17 (vi var der kl. 15). Det endte med at vi kjøpte øl og pizza som vi fortærte hjå ei lettare overraska mormor på tangen. Så vart det 19-bussen tilbake til Fodnes og bilen til Sogndal - heim til meir øl og ein knakandes dårleg Van Damm-film. Ja, Gud betre så dårleg den filmen var.
Benutzerkommentare
Kein Titel
Geschrieben von Argok54 07.08.2020 19:28Kleppurraset var fæle greier. Tangen såg ut som ei slagmark. Det var før Eirik var fødd.
Dette var ein veldig flott tur og ei flott reportasje. Terningkast 5.
Sv:
Geschrieben von Hommpbollen 08.08.2020 22:39Takk for det! Årdalstangen er faktisk ei fin bygd, sett ovanfrå og sett vekk frå verket.