Dag 2, Fodnes-Årdalstangen (05.08.2020)
Dag 2 vakna vi rimeleg seint til regn og skodde over landskapet. Dette var vi likevel førebudd på, så her var ingen sure miner. No var planen å gå til Nyastølen i Årdal, via stølen Morki og Smørhola. Ein godt vaksen tur med andre ord.
Det starta i utgangspunktet nokonlunde greitt. Etter litt famling med å finne stien gjekk vi oss for langt til sør og måtte dreie nordover for å kome inn att på stien mot Morki. Det var lettare sagt enn gjort. Det var lite, og attgrodd sti store deler av vegen (med mindre vi var heilt blinde). Som følgje av tapt tid, og noså sein start (ca. 11) bestemte vi oss fort for å drite i heile Morki og heller gå i luftlinje mot Storevatnet - i retning Smørhola. Dette betydde forsering av våt mark, myr, kratt, og gud-veit-kva i ganske mange kilometer. Særleg var turen over Geitefjellet av dei hardaste slaga med tung sekk. Skulle vi gjort dette om att, i betre ver, ville eg nok gått via Høganosi. Då hadde eg fått ein topp og elles fått lagt ruta på fast steingrunn nærmast heilt ned til Smørhola.
Til slutt nådde vi Smørhola. Ein nokså våt plass - plassert midt i drivet frå fossefall og stryk.

Etter passering av stølen Smørhola hadde vi kome fram til Naddvik/Vikadalen. Tanken, slik vi tidlegare hadde vurdert det etter å ha sett på kartet, var å gå ned i dalen, passere elva og opp igjen til Nyastølen, i staden for å gå heilt rundt. Der fekk vi oss ein skikkeleg reality-check. For det første var dalen nokså stupbratt, og for andre var elva stri og gjekk i juv store deler av strekninga. Det endte med ein skikkeleg rundt-tur på delvis attgrodde/ikkje-eksisterande stiar heilt fram til demninga. For øvrig ein GIGANT av ein demning.
Opp frå deminga var det fin sti til målet Liastølen. Men det gledde vi oss heller lite over etter å ha gått vel 21 km i vått og sleipt terreng (det var i alle fall det pulsklokkene våre hadde loggført).
Vi gledde oss heller ikkje særleg over at ein million mygg ønskte oss velkomen til gards. Det vart ein rask middag og rett i teltet.
Benutzerkommentare
Kein Titel
Geschrieben von Argok54 07.08.2020 19:23Andletsuttrykket ditt på biletet ved hytta var altså ikkje tilgjort, men heilt ekte.
Forøvrig såg eg på flyfotografia då eg lage karta til dykk at den elva såg rar ut. Den ante meg at ho kunne gå nede i eit juv, men det stemte ikkje med kartet. Eg tok for gitt at kartet var rettare enn flyfoto så eg sa ikkje noko om det. Dessutan var det skugge også på bileta ...