Fjelltur etter stoppeklokka (08.09.2019)
Kona måtte til Oslo med flyet om kvelden, og difor vart ikkje dette meir enn stressmarsj frå A til Å. Etter eit lite feilskjær før brua nede ved Anestølen, starta eg å følge stien oppover dalen.
Stien forsvant fort i lyngen. Så då vart det nye feilskjær først mellom busk og bregner, og deretter over våtaste myra. Resultatet vart sprengde lunger før eg nådde Tverråni. Ein liten pause der eg naut utsikta, og inntok energi var heilt nødvendig. Det førde likevel til at eg var bak skjema. Og det skulle snart vise seg umuleg å innhente den tapte tida.
Frudalsbreen
Og slik fortsatte det oppover fjellet. Konstant bak skjemaet. Eg nådde ikkje eingong Sogndalseggi før eg fant ut at det var best å snu. For no var eg komen til eit punkt det verken var fint eller kjekt lenger. Det var mørkt. Mørkt og tungt og trist.
Nedstigninga, derimot, han gjekk som ein tiur-leik. Ja kven skulle tru..
Kommentarer