Knøletur i retning Tverrdalstind (27.08.2017)
Startpunkt | Parkeringsplass før grusveg mot Anestølen |
---|---|
Tourcharakter | Bergtour |
Tourlänge | 3h 00min |
Entfernung | 12,0km |
Karte |
![]() |
Besuche anderer PBE | Gunvordalen p-plass (430m) | 27.08.2017 17:56 |
---|
Av og til er det godt å vere på tur. Ja, berre på tur. Ingen topp, eller anna høgtliggande mål eller meining.
Eg sette meg på sykkelen, med hunden i band, frå Selseng (parkeringsplassen), og sykla inn - og forbi - Anestølen, i det vi kan kalle ganske godt vèr. Håpet var å finne ein dugandes sykkel-sti (og nei, eg er ikkje spesielt kresen) oppover dalen mot Tverrdalsvotni. Det håpet gjekk ganske enkelt i dass. Eit stykke oppover sette eg den frå meg bak ein duganes stein og fortsette til fots.
Etter kvart forsvant stien litt her og der, så eg gjekk over på andre sida av elva (aust-sida), da det såg ut til at det var betre sti der. Men det var det ikkje. Det var likevel ikkje spesielt krevjande å gå oppover dalen. Da eg kom opp til ca 1100 meter sette eg meg på ein stein - naut utsikta og det gode vèret. Der var ganske enkelt digg. Så da gadd eg simpelthen ikkje å gå vidare oppover.
Det var ein god beslutning å snu, da eg akkurat nådde middagen kl 18. Hunden fekk seg derimot middag i fjellet - for der krydde det av lemen.
Snusen tek Nipa i betraktning (lurer på om det finst fleire lemen der oppe)
Benutzerkommentare