Søre-Knipen (30.03.2018)  4


Startpunkt Fv53 ved Televerksgarasjen (1.061m)
Tourcharakter Randonnée/Telemark
Tourlänge 2h 23min
Entfernung 7,3km
Höhenmeter 495m
GPS
Besteigungen Søre-Knipen (1.551m) 30.03.2018 13:57

Vi har hatt hytte på Sletterust sidan midten av 90-tallet og tv/radio senderen på Søre-Knipen har alltid vore ein plass eg har ønska å opp på.

Så med skikkelig breie G3 ski under beina bar det avgårde.

Parkerte på Televerksgarasjen, og fulgte ruta forbi nye hytta til Tvedten og vidare vel 200 høgdmeter før vi skar over til høgre under fjellet. Påsken er ei tid då mange idiotar skal ut å tøffe seg i fjellet, og på veg til skaret under TV linken kunne vi sjå travarseringar opp eit lite gjel som ikkje var meir enn 10 meter breitt, og sikkert 30-40 meter høge fjell på begge sider. Idiotskap!
Sleke burde få kverrsatt skia uten klagerett.

Skaret under «linken» hadde eit bratt og smalt heng som var krevande og uoversiktlig å gå opp. Men vel oppe fekk ein litt av ein utsikt både mot Årdal/Lærdals fjella på eine sida, og tinderekka i Jotunheimen på andre sia.

Etter ei kjapp rådføring bestemte vi oss for å prøve å kjøre baksida av Søre-Knipen ned igjen. Langt slakkare enn der vi gikk opp, og samtidig litt flatare som gav oss litt skøytetrening før vi satte utfor igjen skaret der vi stakk av mot høgre.

Føremessigt var det skare og pappføre på oppstigingen. På baksida var det tidvis pudderføre.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.