Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Herøy: Nerlandsøya pf100 komplett

Datum:
19.07.2017

Ove var elskverdig nok til å skysse meg ut mot neset der stien til Skagetåa startar, dermed kunne eg gå tilbake til Kvalsvika og fekk difor med meg fleire småtoppar og ein langt flottare tur enn "resing" opp og ned for å ta med bilen til neste punkt. Etter Storevarden og Teigetua kom eg vegen ned til bilen og sette kursen mot Trosvika. Hadde egentlig berre Barmen på lista, men i fineværet valde eg å ta med Muletua sidan det ikkje var særlig til omveg og det såg ut som, og var, eit flott utsiktspunkt. Dette vart dei siste toppane mine på Herøy pf100. Alltid kjekt å krysse ut ei ny kommune ;)

Sula: 3 av 3

Datum:
14.07.2017

Ikkje kvar dag ein kan "runde" ei heil kommune på ein kveldstur, men det går meget fint i Sula som berre har tre toppar med pf100. Starta med dei to små på kvar side av fergeleiet på Sunde. Leirvågfjellet er meget kjapt gjort med god parkeringsplass og god merka og tydelig sti med tilrettelegging med rister i dei verste myrholene. Utsikta innover Hjørundfjorden må seiast å være spektakulær med tanke på den beskjedne høgda og ein ser heile vegen inn der Hornindalsrokken kneiser midt i fjordutsikta. Solevågsfjellet er også godt merka om ein ikkje er så potte tett at ein tek av på eit dyretråkk ved eit av merka langs vegen i den tru at ein skal kutte litt av distansen på den allereie korte turen... Jaja, fekk med meg fleire smånakkar og toppar på vegen, ein av dei >>>

Karte    

Ørsta: Tyssenuten og Høghornet

Datum:
13.07.2017

Når skydekket endelig letta i sjutida på kvelden slengte eg meg rundt og kjørte retning Bjørke. Været skuffa ikkje sjølv om det var skydottar innom dei fleste toppar i løpet av kvelden. Trolsk! Valgte å gå ruta Arnt Flatmo gjekk i fjor haust. Så start på Sellereite, følge råsa mot Kårdalen, ta av oppunder eit lite skar før Tyssenuten, så egga til Høghornet til topps. Nydelig utsikt både utover Hjørundfjorden og ikkje minst mot Storhornmassivet med Bjørkehornet, Storhornet, 1575-høgda, Rokkekjerringane osv. Hornindalsrokken gjer seg også svært god i profil herfrå. Gjekk vidare nedover egga retning Kårdalstindane, så retur via Kårdalen.

Karte    

Vanylven: Korsfurnakken

Datum:
12.07.2017

Etter at eg tidligare sjekka forholda frå Hola og las turrapportar frå andre som hadde vore gjennom det einehelvetet så bestemte eg meg for å ta nakken frå Volda-sida. No er det i tillegg bygd veg heilt opp i skaret mellom Tuva og Korsfurnakken, så då er det ein kjapp tur i hjorteråser i myrlendt terreng. På vegen oppover såg eg etter kumphanen til Espen Askeladd som var full i årstider, for her skifta været med kvart andedrag. Til trass for si beskjedne høgde er det flott utsikt utover Rovdefjorden, til Leikong og Ulstein, Yksnøya, fjordkryssa som leiar enten mot Volda, Ørsta eller Vartdal osv.

Stranda: Åkernesnibba, Blåhorna og Løfonnfjellet

Datum:
11.07.2017

Sjølv om været var vekslande vart det ein flott dag i fjellet og om utsikta var stykkvis og delt fekk vi i alle fall nokre gløtt frå alle toppane. Gjekk stien frå skulen ved Fram Fjørstad og opp i skaret mellom Åkernesnibba og egga mot Blåhorna. Sjølv om det var litt fuktig gjekk klyvinga opp og returen greit. Egga til Blåhorna var også greit gåandes og etter nokre opp og nedturar i ur sneik vi oss frå Løfonnfjellet og inn på ryggen der stien kom opp av skogen. Topp! Lise og Kroksleiven var glimrande turfølge.

Karte    

Volda: Løsethornet

Datum:
08.07.2017

Vart kanskje ikkje tidenes kveldstur etter regnet dei siste dagane, men såg ei gløtte i skydekket og det kribla i beina. Umiddelbart etter Langebroe såg eg skilt til Aksla og Løsethornet og tenkte "Svære greier!" Skiltet såg nokonlunde nytt ut, så tenkte dette måtte være etter Otto og andre peakbook-guruar hadde avlagt besøk her. Dei raude banda var meget spartansk hengt ut og eg vurderte gå tilbake til plan A når eg såg nye skilt på setra. Det var eit stykke mellom dei raude banda og lite trakk egentlig, men nådde skiltet med Aksla uten at eg hadde sett nokon avstikkar til Løsethornet nokon annan plass. På Aksla var det slutt på raude band såvidt eg kunne sjå og det var blitt såpass langt tilbake til bilen at eg berre beina meg oppetter ryggen i diverse hjorteråser. >>>

Karte    

Stranda/Stryn: Botnenibba

Datum:
06.07.2017
Karte    

Herøy: 6x pf100

Datum:
01.07.2017