Archiv - Nach Datum
Peakbookfreunde
Vanylven: Bjørnen
- Datum:
- 15.09.2017
Etter retur frå Svartetua såg eg att eg hadde meir dagslys tilgode og dessuten hadde været vorte betre. Kjørte difor opp til Øvreberg og tok med Bjørnen som er ein kjapp tur frå det utgangspunktet. Hadde ikkje tid å ta med Ørnetua, så begrensa kva tid eg sparer på denne turen ved seinare høve.
Interessant kor mange fjell i dette området som har dyrenavn forresten. Grei avveksling til alle Sandhorn, Grøthorn, Lisjehorn, Keipar og anna som stadig går at i nærsagt alle Sunnmørsbygder.
Vanylven: Svartetua og Fuglehovudet
- Datum:
- 15.09.2017
Hadde saumfart heile Sunnmøre etter turvær og det var ikkje allverden å finne eigentleg, men det såg noko betre ut i sørvest enn ellers, så om ein fekk minimumsnedbør skulle det ikkje bli så gale. Ei bløyte vart det likevel, men det var også brudd i skydekket som ga nokre solstrålar og utsikt innimellom.
Veldig god sti opp frå Syvdsbotn der løpet Blåfelden Rett Opp går, god merking, men lite rås vidare til Fuglehovudet. Gjekk og lurte på kva navnet kom av, og det fekk eg svar på seinare på dag på veg til Øvreberg der ein tydelig kan sjå fuglehovudet som dermed har fått navnet frå folk i Sørdalen.
Ørsta: Stokkehornet
- Datum:
- 14.09.2017
Meldingane var ikkje gode å tyde til anna enn at det ville være skiftande vær over heile Sunnmøre der tur av litt lengde ville garantere ei bløyte og lite sjanse for sikt i høgda. Då er Stokkehornet i Bondalen ein grei trimtur og attpåtil ein Ørsta pf30-topp å få kryssa av lista. Kvalshagen (Trygve Kvalsund Norhagen) stilte med bil og turlyst og nokre glimt av tindar og fjord fekk vi mellom skyene.
Volda pf 100 komplett: Blåhornet
- Datum:
- 10.09.2017
Gråværssøndag, men ikkje meldt meir regn enn at eg fekk med meg Kvalshagen (Trygve Kvalsund Norhagen) til Straumshamn og ei runde frå Botnasetra.
Gjekk stien mot Keipen og Heida eit stykke før vi traverserte bort mot Sulvatnet og gjekk over Holtane som står på Volda pf30-lista. Vidare ei bue opp mot Sæterhornet vest og Sæterhornet før den siste bakken opp til dagens hovudmål Blåhornet som også var min siste topp på Volda pf 100-lista. Har spart ei stund på denne sidan det er kjekt med noko ugjort i nærområdet. Gjekk ned skaret mellom Blåhornet og Tverrelvhornet til Jolgrøsvatnet og gjekk austsida til osen. Stilaust og litt sleipt nokre stader, men ikkje dei store vanskane. Såg ikkje umiddelbart nokon sti langs elva og gjekk stilaust ned lauvskogen til vatnet. Godt mulig her er betre løysingar på den returen.
Vanylven/Volda: Vikesandfjellet og Blåhamrehornet
- Datum:
- 06.09.2017
Værmeldingane holdt stikk og det var grått og regn frå morgon av, medan det letta litt utover dagen. Såg til nokre dyr på Lauvstad for fattern og fann ut at Vikesandfjellet som er ein pf100-topp i Vanylven var like grei å nå frå Dravlausdalen som å køyre rundt og gå kortare, men brattare opp. Sidan eg også hadde ein Volda pf30 ståande igjen i nærleiken var dette ei fin anledning til ei rolig runde i bra haustvær.
Eg kjørte til Gamlestøylen der det er rås vidare til ein er nesten forbi tregrensa, uansett i rimeleg ope terreng som kan være vått. Klassisk torv/myrlendt terreng som ein fikk mykje av i Vanylven. Resten av runda ga seg sjølv og med eit blikk på kartet i pb-appen var det lett å finne att råsa også.
Ørsta: Risenosa
- Datum:
- 04.09.2017
Sidan Kvalshagen (Trygve Kvalsund Norhagen) var tidlig ferdig på jobb opna moglegheita seg for ein ettermiddagstur på Risenosa. Litt skeptisk til oppgangen med småbjørk, bregner og vier etter å ha lest diverse turrapportar, men det gjekk over all forventning.
Frå setra gjekk vi for ei renne som fører opp litt vest for Risenosa SØ2. Her slapp vi unna det aller, aller meste av uønska vegetasjon og det var greit å ta seg fram.
Vi gjekk "normalvegen" nedatt og her var det ikke like triveleg sjølv om det gjekk greit å kome seg nedover bregnemarka og nokre få belter med bjørk.
Stranda: Båsenibba, Sætrenibba
- Datum:
- 02.09.2017
Kjapp laurdagstur sidan eg ikkje kom meg avgarde før ettermiddagen og eg vil ha litt saft i beina til komande dagar med flott ver. Parkerte ved den store parkeringsplassen ved Herdalen og fulgte postvegen til eg såg nokre trakk som tok av mot venstre litt før råsa på kartet var merka inn. Fulgte denne opp til skaret mellom Kjerringane og Timbjørgheiane. Raskt oppom høgste Kjerring før eg fulgte egga tilbake over heiane og til Båsenibba som hadde ein meget flott varde litt nedanfor toppen. Frå foten av Båsenibba fulgte eg svak men tydelig rås på fjordsida av vatnet og sidan opp i skaret på vestsida av toppen på Sætrenibba. Her kom eg innpå råsa som kom opp frå postvegen og då var det kjapt gjort både til topps og nedatt på vegen.