Volda: Løsethornet (08.07.2017)


Karte
Besteigungen Løsethornet (1.032m) 08.07.2017

Vart kanskje ikkje tidenes kveldstur etter regnet dei siste dagane, men såg ei gløtte i skydekket og det kribla i beina.

Umiddelbart etter Langebroe såg eg skilt til Aksla og Løsethornet og tenkte "Svære greier!" Skiltet såg nokonlunde nytt ut, så tenkte dette måtte være etter Otto og andre peakbook-guruar hadde avlagt besøk her. Dei raude banda var meget spartansk hengt ut og eg vurderte gå tilbake til plan A når eg såg nye skilt på setra. Det var eit stykke mellom dei raude banda og lite trakk egentlig, men nådde skiltet med Aksla uten at eg hadde sett nokon avstikkar til Løsethornet nokon annan plass. På Aksla var det slutt på raude band såvidt eg kunne sjå og det var blitt såpass langt tilbake til bilen at eg berre beina meg oppetter ryggen i diverse hjorteråser. Det vart fuktig, bratt og sleipt, men til topps kom eg. Det var ikkje mange som hadde tegna seg i boka siste åra og sjølv om den var lagt ut i '97 var den langtfrå halvskreven. Noko av dette kan nok være fordi der er to toppvardar på to tuer og at den tunge sveisa grå metallsylinderen kanskje er vel godt skjult? La i alle fall merke til at fjellfotografen og vannilsengiggs hadde ikkje notert seg og sidan eg var fyrste i 2017 så gjaldt det same for Bastolen og Tungpust.

Utsikta var det dog ingenting å seie på, som ein av dei 1000 toppane med høgast pf i Norge vart det flott utsikt i dei fleste retningar. Spesielt Keipen som speglar seg i Bjørkedalsvatnet er fin litt fram på egga, men Torane, Matøskja m.m er også innan god synsvidde.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.