Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Fußtour (23)
- Bergtour (7)
- Hochtour (1)
- Jogging (3)
- Spaziergang (1)
- Wanderung (11)
- Klettern (1)
-
Skitour (3)
- Tourenskilauf (3)
Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Gardevarri, Måsøy
- Datum:
- 10.09.2016
- Entfernung:
- 17,6km
Etter to magiske dagar på Sørøya skulle det noko til at Garddevarri og Måsøy levde opp, men vi la trufast i veg etter å ha fikse leigebil i Hammerfest og sjekka oss ut frå flotte Scandic med pekanpai og suite. Vi fann parkeringa omtalt greitt etter passering av elva og starta etter ei gjerdepassering med å sjå Mikkel Rev med kvit haletipp snike seg vekk i bjørkeskogen. Vi heldt nordover og runda Oarjecohkka på vestsida i grei avstand til ein svær reinflokk. Mari var månebedotten. Drog så innover på austsida av vatna og høgde 478. Eg fekk sjukdomsteikn i kroppen og måtte ta ein 15 minutt i sola her. Tok det så roleg opp mot toppen. Flott varde, litt overskya men var her 20 minutt og slappa av og spiste litt. Bestemte oss så for å halde ryggen meir sørvest og kom på vestsida >>>