Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Gulberget - Bud

Datum:
11.04.2021
Entfernung:
1,9km

Karte    

Klempertåsen

Datum:
11.04.2021
Entfernung:
1,9km

Karte    

Påskestemning på Urfjellet - Hustadvika

Datum:
11.04.2021
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
2:21h
Entfernung:
7,8km

Fin helgetur til Molde og dagens første tur til Urfjellet i nydelig ver! Mykje folk i fjellet :) Ein flott ski topp med fabelaktig utsikt vidare til andre majestetiske gromfjell :)

Karte    

Tusten - Molde/Fræna & trivelig treff på toppen!

Datum:
15.12.2019
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
7,0km

Ein beinstrekk oppom fjelltoppen Tusten måtte til før heimtur! Eigentlig eit litt søtt navn synast eg :) Ikkje heilt uventa var det å treffe janyga (Jan Arne Nygaard) på denne toppen :) Men, kva er oddsa likevel å treffast på toppen akkurat dei minutta! Kald vind ved varden, men tid til ein kort og trivelig prat vart det :) Må berre legge til linken som går akkurat no ifrå den vestligaste busetnad og i programmet "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" som selfølgelig er heimanifrå Solund/Sogn & Fjordane og ifrå Nautøyna og ved Utvær fyr. Det vestligaste i noreg. Sidan programmet går akkurat no :) https://tv.nrk.no/serie/der-ingen-skulle-tru-at-nokon-kunne-bu/2019/DVSF65100419/avspiller

Karte    

Skalten - Fræna

Datum:
04.06.2017
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
10,5km

Ein dag med vekslande skodde og enkelte regnbyger. Litt synd, for det hadde nok vore ein fin topp å nyte den mektige havutsikta, ved det vakre kystsamfunnet Bud og Hustadvika. Vel nede til parkeringa og bilen såg eg fram til å få bytte om til tørre klede. Det første som møtte meg der, var eit bildekk, så kom neste og tilslutt det siste ilag med karen! Det var eit eller anna kjent, med det fjeset som eg hadde sett ein eller anna stad. Det viste seg å stemme, vi hadde ein felles bekjent. Kjekt å høyre om prosjektet hans til Sydpolen :)

Karte    

Jendemsfjellet- Fræna

Datum:
27.11.2016
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
1:33h
Entfernung:
5,3km

Eventyrlyst og rastlausheit tenker eg høyrer godt ihop i totalen av vår ville natur! Og det er vanvittige store kontrastar me har her og innan ein 5 t køyretur, etter våre "fartsgrenser". Ruskete værmeldingar denne helga, men det er då ingen hindring når behovet for naturopplevelse og utløp for energi er stort!! Det er berre fint å sette seg i bilen, reise avgårde og oppleve alt det naturen har å by på. Det blir nokre mil i bil og fint er det då å sortere tankar og planlegge nye mål :) Det er ganske sjeldan eg høyrer radio og ser tv...men i bil skrur eg gjerne på lyden! Denne gangen var det Lisa Ekdahl og Lars Winnerback som stjal oppmerksomheita med nydelige låter. Den stemninga må eg berre dele, all den dårlige salgs og julereklamen som snart har fylt heile nettet >>>

Melen

Datum:
19.01.2014
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
2:19h
Entfernung:
8,6km

Ein Spesielt Nydeleg Topp!

Karte    

Silsetfjellet

Datum:
19.01.2014
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
1:30h
Entfernung:
7,0km

Både Melen og Silsetfjellet ligg i eit utruleg vakkert område! Havutsikta og dei mektige fjella gjere området spesielt! Mykje folk på tur, både liten og stor! Bemerkelsesverdigt :)) Ein absolutt plass å ta turen tilbake å utforske meir!:) Turfølge Johan

Karte    

Talstadhesten

Datum:
19.01.2014
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
2:30h
Entfernung:
9,3km

Siste topp av 3 denne dagen og eit inntrykk, naturflott område. Hovudlykt måtte til siste 1/2 t Nydeleg stjernehimmel og nokre minusgrader, lite snø!

Karte