Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Husefjellet i Solund

Datum:
15.05.2016
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
1,3km

Nydelege dagar og lyse døgn, etter ei fin fjellrunde dagen føre på fastlandet i Solund. Var det ei behageleg ro i teltet på Tangeneset med havdønningar, solnedgang, siste toppar i minnet og ei god bok av Jon Krakauer super hærleg. Eg vakna tidlig neste morgon kl 06.00 og det var berre å pakke saman teltleiren og russle avgårde. Hadde avtale med far min om å hente på Hersvikbygda kl 10.00 Så eg hadde god tid til å suse rundtomkring! Ein liten snartur rakk eg då på Husefjellet...

Karte    

Øytoppar i den vestligaste og finaste kommunen i Norge.

Datum:
14.05.2016
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
11,5km

Virkelig langhelg med Pinse og 17 mai med gode værmeldingar og fri mandag- tysdag. Då må ein nytte tida maksimalt. Hadde tenkt å ta med kajakk utover, men det var kuling varsel og låg temperatur. Med landfaste toppar på lista, var valget greit å utsette kajakktoppane til seinare i sommar. Målet er også optimal ro og kos med desse turane :) Om den ikkje finnast i utgangspunktet så kjem den garantert idet ferja nærmar seg Krakhella. Dei fleste i familen min var allerede heime på Færøyna i Nord Solund. Eg er vel einaste utskuddet i familien som spring etter fjell og likar å ligge i telt. Men det gode er at det faktisk er akseptert og far min som er lærar elskar kart, historie og geografi og då har vi linken og fellesnevnaren :) Eg hadde bestemt meg for å telte ute ved Tangeneset >>>

Kletten og løpstur

Datum:
13.05.2016
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
9,7km
Karte    

Molden

Datum:
12.05.2016
Entfernung:
14,0km

Molden er ein av mine favoritt toppar og no på denne tid er det ein draum å gå den med all Kvitveisen som blomstrar på fjellryggen ifrå Marifjøra. Hadde med truger, rekna med det låg snø på øverste del. Med utslitne joggesko så vart det jammen skapleg neglebit...lærer aldri!! Men fint var det uansett å sette seg ned ved den fine steinbua på toppen, nyte utsikta over Lustrafjorden inn mot Skjolden. Steinbua står Luster Kommune for og bygd av sherpaer med prosjektleiar Geir Vetti :) http://www.nrk.no/sognogfjordane/molden-far-steinbu-for-fjellfolk-1.11949097

Karte    

Kletten

Datum:
11.05.2016
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
9,7km
Karte    

Eikåsnipa

Datum:
10.05.2016
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
9,8km

Dagsentertur Larstunstøylen 4,6 km - 280 hm

Karte    

Eikåsnipa

Datum:
09.05.2016
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
9,8km
Karte    

Endelig vakre Hanekammen 1651 Grensetopp - Jølster & Stryn

Datum:
08.05.2016
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
5:32h
Entfernung:
13,8km

Dette er ein topp som har vore tenkt lenge men først og fremst på ski ifrå Stardalen i Jølster. Denne helga vart det berre bestemt utifrå vær og delvis føre...Det var nok eigentleg ikkje det beste med tanke på skred denne ruta!! Ganske så sommervarmt var det og stor snøsmelting. Det hadde gått ein del store snøskred i Jotunheimen og det drønna bra i fjella i Stardalen også desse døgna. Rasa i fjellsidene høyrdast godt om kvelden og om natta ifrå teltet vårt i Stardalen. Men vi tenkte som så at dette vurderar vi undervegs, ta nokre snøprofilar og det er ingen skam å snu!! Vi var 8 stk som starta ifrå litt under parkeringa ved Haugastøylane. Mange var også på veg til Snønipa denne dagen i godværet. Ved vår første matpause oppe ved Storevatnet, braut sola fram og det >>>

Karte    

Hafstadfjellet

Datum:
07.05.2016
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
9,2km

Karte    

Siste skitur på Eikåsnipa og blålilla ankel!!

Datum:
06.05.2016
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
5,2km

Nydelege varme dagar og eg tippar dette blir siste skitur denne sesongen på Eikåsnipa. Kunne renne så vidt nedom støylen på nedtur i slush snø. Sidan eg absolutt skulle renne på siste mm snø så enda det med knall og fall og stålkantkutt med ein litt seinare noko blålilla ankel! Men det er då ikkje noko nytt!! Eg kjem ihug det far min som er lærar sa til meg ein gong..."Eg har hatt mange Europakart føre meg framover Janne....men du er det likaste og vil nok forbli det største" Ankelen er framleis fleirfarga :)

Karte