Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Orkja før regnmengder & staselig avdeling!

Datum:
04.06.2024
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
3,5km

Tur på føremiddag i vekslande ver! Eit par små regnbyger og solglytt på toppen. Meldt noko meir regn på ettermiddag/kveld. Fint med litt verskifte og regn i passelige mengder. Koselig dag med bakst og var med å hente barnebarnet første gang i barnehagen. Det var rett ei staselig avdeling ho var komt på :)

Karte    

Breheimen/Luster - Slirevotni

Datum:
02.06.2024
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
13,8km

Lavtrykk på veg innover Sunnfjord regionen! Pakka bilen etter dagvakt og susa avgårde til sol og betre ver. Har registrert på peakbook kartet att det er blitt oppdaga ein ny potensiell 100 pf topp i region Breheimen/Luster. Det er då nokon andre som har sett denne toppen. (Så takk til deg for denne turopplevelsen!) Har vore eindel rundt i området tidlegare! Det er ikkje alltid like lett å sjå i terrenget kva topper som akkurat bikker den magiske 100 primær faktoren. Nokre ganger er det lett å sjå og tenke at den må då være ein potensiell topp og ein greier å trykke seg fram på høgdedata. Andre ganger er det vanskelig å sjå heilheita for grunnlaget til å finne ut av pf. Kanskje derfor det vekslar eindel fram & tilbake, over og under!! Kjekt å ha nokon då å diskutere >>>

Karte    

Steinheia & Førdsnipa - Manglande bevis!

Datum:
31.05.2024
Entfernung:
10,6km

Småærend i Førde før kveldsvakt. Har vore på Steinheia ein gang før og tre ganger på Førdsnipa tidlegare utan at eg har sporlogg eller finn igjen bilder av toppane eller topp punktet. For egen del synest eg det er fint å ha eit komplett bevis på fjellsamlingane mine. Fin temperatur og nokre dråpar i lufta. Det knitra bra under linja då eg passerte den på veg opp til Førdsnipa. Det var merka sti ifrå Hjellestølen til Steinheia. Åleine i området og ingen å treffe på tur.

Karte    

Orkja & bursdag til Miriam

Datum:
30.05.2024
Entfernung:
3,5km

Fin tur ilag med Inge.

Karte    

Eikåsnipa før langvakt!

Datum:
28.05.2024
Entfernung:
5,2km

Rakk litt denne dagen! :) Kjekt å sjå at ting blir teke vare på i neste generasjoner!

Karte    

Eikåsnipa & tak på støylen

Datum:
26.05.2024
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
5,2km

Støylstaket tett og ein rask tur på oppom på Eikåsnipa i varmen.

Karte    

Nasjonaldag på sitt vakraste i "bakgården" Jostedalsbreen...

Datum:
17.05.2024
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Entfernung:
22,8km

Høyr på bekken, koss det sildrar! Tømme vinteren i ei elv. Late tima og lange kvelda. Ligg å venta på dagen som kjem. Sjå sole imot lyset! Tenk så godt me skal ha det ilag! Ligg mjukt i ei eng som gjer nytta si som seng, berre gå hånd i hånd ein sommerdag. https://www.youtube.com/watch?v=9_BxLLRgaIQ Dette er nasjonalromantikk, natur & medmenneskelige verdier som står aller høgst av alle verdier i livet. Virkelig er dette som vi har rundt oss av unik natur og kontraster, som ein berre kan drømme om. Det er desse finurlige eventyra som gir livet! Det starter her... Nydelige meldinger og vårskitur opp Erdalsbreen på tenkte topper ligg inne i nokre fridager og på sjølvaste 17 Mai. Litt folk å treffe med samme driv til desse dagane å nyte det gode veret i storslått natur. Etter jobb bar turen opp til Infimus 880 moh >>>

Karte    

Midtstolhyrna med det staute navnet - Stryn

Datum:
14.05.2024
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
10,6km

Alle gode ting er tre! Er det noko som heiter! :) Brit Siv var den av oss som hadde vore på tur tidligere til denne toppen. Ein gang med topp bestigning i skodde og null utsikt. Andre tur der toppen ikkje vart nådd like under toppen! Denne turen og tredje gang vart med strålande ver og vindstille. Superfin tur ilag med Brit Siv & Inge. Midtstolhyrna er virkelig eit staut navn. Det går å fundere på kvifor dette fjellet har det staute navnet som ein kan like så godt. https://www.wordsense.eu/hyrne/#Norwegian_Nynorsk Ein rekk å nyte vårslusjen oppe i fjella. Men, det minkar fort i årets vår varme akkurat no. Ein må berre nyte ekstra godt dei fine dagane som kjem. :)

Karte    

Skjerveholten

Datum:
12.05.2024
Entfernung:
2,0km
Karte    

Bekkjaholten

Datum:
10.05.2024
Entfernung:
1,7km
Karte