Archiv - Nach Datum
Peakbookfreunde
Gesammelte Listen
Lieblingsgipfel
Ikonet Preikestolen
- Datum:
- 23.06.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 6:00h
- Entfernung:
- 12,0km
Eg hadde gått til Preikestolen eit par gongar tidlegare, heilt tilbake 90-talet. Ein kan sjølvsagt undrast kvifor eg ikkje har gått der sidan då, men det er vel ofte med slike turist-plassar me besøker ikkje dei som finst i eige nærområde. Men St Hans dette året fekk ei moglegheit som eg så absolutt ville få med meg: Båttur med Helgøy Skyssbåt innover Lysefjorden fyrst for så å bli sett av på Revså kai og gå derfrå. For ein magisk tur! Nydeleg terreng frå fjorden og opp til Revsvatnet, vakkert langs vatnet til andre sida og Preikestolhytta, og så til slutt den ekstremt flott tillaga turstien frå hytta og opp til platået! Det var ikkje slik på 90-talet! Men sjølve Preikestolen er fortsatt den same heldigvis, han heng fortsatt på kanten, og utsikta innover og utover >>>
Lammanuten
- Datum:
- 19.06.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 6:00h
- Entfernung:
- 12,0km
Aller fyrste feriedagen tok Augustus og eg ferja over Boknafjorden og køyrde til Tysvær for å ha eit lite chodsky-treff. Tre damer og tre hundar la i veg frå parkeringsplassen langs RV515 (like før Sandvik camping) med Lammanuten som mål. Det er ein flott tilrettelagt tur med gode, forseggjorte "bruer" over dei aller våtaste partia. Ein går på grusveg bratt oppover eit stykke før ein går ut i terrenget der det sakte men sikkert stig oppover mot varden på 620 moh. Utsikta skal visstnok vere flott oppå der, men det merka ikkje me så mykje til då skyene var låge og tunge. Men ein flott tur, det var det uansett!
Barkafjellet
- Datum:
- 18.06.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 4,0km
Siste dag før sommarferien nytta me til å ta ein formiddagstur til Barkafjellet i Strand. Me køyrde Ryfast og sørover retning Jørpeland eit kort stykke før me tok av til Heia. På ein liten parkeringsplass før Tveit parkerte me og følgde merka turveg gjennom nydeleg kulturlandskap og lauvskog opp til Barkafjellet. Turen er på ca 2 km kvar veg, ein heilt passeleg formiddagstur med andre ord! Utsikta på toppen er nydeleg: Jørpeland ligg like nedanfor, bakover ser du bort på Kjortåsen og langt innover Ryfylkeheiane, og vestover ligg fjorden og Stavanger og havet. Heilt herleg!
Faureknuten i Bjerkreim
- Datum:
- 30.05.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 4,2km
Faureknuten var den fyrste turen eg gjekk i Bjerkreim, og den ga så definitivt meirsmak. Frå E39 tar du av ved Bue, inn på Nedrebøvegen. Følg denne til du har passert Fuglestad, og ta av til høgre. Eit lite stykke derfrå går det ein grusveg inn på venstre sida av vegen, her kan du parkere. Turen går fyrst på grusveg eit stykke, og går du på den tida sauane er ute, får du selskap av desse. Etter kvart er det skilta ut i terrenget, og då ber det oppover. Turen er ikkje lang derfrå, berre drøye kilometeren, og vel oppe er det berre å nyte naturen og utsikta! Pass for all del på at du går litt nedover i retning vatnet og får med deg Fauretunga som stikk ut. Bjerkreim sitt svar på Trolltunga. Og når du er der nede, snur du deg og ser Fauregubben òg.
Reinaknuten
- Datum:
- 16.05.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 9,2km
Om Reinaknuten i Hjelmeland (men som har startpunkt i Strand) vert det sagt at han har det beste utsiktspunktet i heile fylket. Dette fekk me dessverre ikkje merka noko til då me gjekk på 16. mai. Skodda låg tjukk heile vegen. Me hadde eit håp om at ho letta då me nådde toppen, eller i det minste mens me åt nista vår der, men nei, det var fyrst då me var nesten nede på parkeringa igjen at det klarna opp. Men no veit eg i alle fall at dette er ein tur eg vil gå igjen, for det eg kunne skimte av natur rundt meg då me gjekk, var at denne var fin!
Gloppenuten i Brekko
- Datum:
- 02.05.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 9,0km
Gloppenuten i Gjesdal er ein tur som du så absolutt bør få med deg om du får høve til det! Me Brekko friluftsområde som utgangspunkt for turen får du ein flott tur i merka terreng fyrst på grusveg før du går ut i terrenget. Det stig jamnt og trutt, men aldri veldig bratt oppover forbi små vatn og opne sletter. Når du er kome opp den bratteste kneika (som ikkje er særleg bratt den heller) svingar du nesten 180 grader og går på ein fjellrygg vestover med flott utsikt på begge sider. Frå varden på Gloppenuten ser om det er klårver til havs og utover og innover fjella omkring - eit mektig skue! Då me gjekk der 2. mai var det noko kaldt i lufta fortsatt, og på over 600 meters høgd var det til og med snø i lufta. Men turen var ei oppleving uansett, og eg går gjerne igjen i >>>
Selvikstakken
- Datum:
- 27.04.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 8,0km
"Å beskrive denne turen går rett og slett ikkje an, det må berre opplevast!" skreiv eg på Instagram etter at eg hadde gått turen. Og ut.no seier at Selvikstakken har den finaste utsikta i heile Sandnes. Ja, det er faktisk sånn det er! Turen til Selvikstakken som stikk bratt opp tvers over Uburden og Forsand er ein av dei aller flotteste turane eg har gått! Eg gjekk tidleg ein tysdagsmorgon eg hadde fri og hadde heia for meg sjølve på heile turen. Stilt, passe varmt og strålande sol utan ei sky på himmelen - eg kunne ikkje bedt om noko betre!
Tur/retur den løypa eg gjekk var ca 8 km, og eg brukte knappe to timar opp. Turen startar i Seldalsheia på same parkeringa som til Bynuten, og du følgjer den same merka turen på grusvegen oppover. Eg valde å ta til venstre då eg >>>
Undeknuten
- Datum:
- 25.04.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 7,7km
Den merka undturen frå Tengesdalsvatnet til Undeknuten er ein flott tur som eg verkeleg anbefaler! Du må krysse vegen frå vatnet, går over ein gjerdeklyvar og gå på grusvegen eit godt stykke oppover i lia før du tar ut i terrenget til venstre. Opp til sjølve Undeknuten er det nokså bratt, men det er ikkje langt, så det går heilt fint. Og vel oppe overraska i alle fall utsikta meg: Her ser du innover mot Lysefjorden så vel som over til Husafjellet og Dyrafjellet, og på motsett side mot Bynuten. Verkeleg flott! Du må gå same veg ned igjen, med vel nede frå det bratte, kan du følge rundturen til venstre slik at du slepp å gå grusvegen ned att. I staden går du i nydeleg kulturlandskap på behageleg underlag. Nyt turen!
Øykjafjellet i Sandnes
- Datum:
- 20.04.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 4,1km
Øykjafjellet er det eg vil karakterisere som ein undervurdert, liten topp! Eg høyrer sjelden at denne turen blir nemnd, men det burde han verkeleg! Det er ein skikkeleg fin liten tur som passar godt ein dag du ikkje har tid til dei lange og meir strabasiøse! Du parkerer ved Noredalen samfunnshus og følgjer merka turveg langs grusveg eit stykke. Legg merke til at her er det beitedyr ute store delar av året, både sauar og storfe. Då me gjekk i april var kyrne heldigvis ikkje komne ut... Turen kan kan gås som ein rundtur: me tok ikkje av frå grusvegen på den fyrste merkinga til Øykjafjell, men gjekk vidare eit stykke nordover til den neste, og så gjekk me heller ned motsatt veg. Slik eg oppfatta det, var det brattare ned enn opp, så då er det opp til deg kva du likar best: bratt opp >>>
Vårlivarden
- Datum:
- 11.04.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 3:00h
- Entfernung:
- 3,4km
Fra Vårlivarden har du ein av dei finaste utsiktene i Sandnes, i alle fall sett utfrå kor lett tilgjengeleg denne toppen er. Det er fleire startmoglegheiter, men den kortaste turen får du om du går frå Myrland. Her er det ein stor og fint tillaga parkeringsplass. Me tok til høgre i fyrste stiskilje og gjekk gjennom nydeleg kulturlandskap før me steig i høgdemetrane - ein flott tur oppover. Utsikta frå toppen er som sagt formidabel. Du ser både Stavanger og "halve" Ryfylke her frå. Ta med kikkert om du har! Me valde å fortsette ned frå varden på andre sida og gjekk langs "eggen" nordover før me gjekk nedover og svingde tilbake til Myrland. Ein flott rundtur på berre drøye 3 km, men opplevinga er ikkje mindre for det!