Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Peakbookfreunde

Ich habe mich noch nicht mit anderen Peakbookbenutzern befreundet.

Gesammelte Listen

Bisher habe ich mich noch an keiner Liste angemeldet.

Lieblingsgipfel

Husafjell og Dyrafjell

Datum:
13.02.2021
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:00h
Entfernung:
6,9km

Veraland er eit glimrande startpunkt for ei rekkje turar. Her kan du gå både til Kjøllesnuten, Bukkaknuten og Nonsknuten, men denne dagen valde me å gå til dei to toppane som ligg like ovanfor Tengesdalsvatnet: Husafjell og Dyrafjell. Turen er godt merka heile vegen, så det er lett å finne fram. Gå traktorvegen eit lite stykke og følg skilting til høgre ut i terrenget før du vert leia nokså bratt opp til Husafjellet. Her oppe har du flott utsikt både innover mot Stavanger og Ryfylke, vestover mot havet, og sørover fjella. Du ser òg neste topp like bortanfor, og du skal ikkje mykje ned og heller ikkje mykje opp igjen for å komme dit, så turen vidare er lett og fin. Fra Dyrafjellet ser du innover mot Lysefjordbrua, så utsikta her er òg storveis! Turen går vidare ned til Svedalen. >>>

Karte    

Taurafjell

Datum:
30.01.2021
Tourcharakter:
Fußtour
Entfernung:
6,0km
Karte    

Tunglandsfjellet

Datum:
05.01.2021
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:00h
Entfernung:
4,2km
Karte    

Langaberg og Hamrane

Datum:
31.12.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
6,0km
Karte    

7-nutsturen 2020

Datum:
17.09.2020

7-nutsturen i Sandnes er ei verkeleg flott oppleving! i 2020 gjekk SFT vekk i frå å arrangere turen på éin dag, og heller gjere det meir korona-vennleg. Me delte opp turen i to: Ein torsdagskveld i midten av september gjekk med til Øvre Eikenuten, Dalsnuten og Fjogstadnuten frå Gramstad. Ein perfekt kveldstur på eit par små timar! Resten tok me seinare på hausten, siste laurdag i oktober. Då starta me frå Dale og gjekk langs sjøen og opp til Lifjell fyrst, før me tok dei siste tre toppane: Sørafjellet, Kjerdalsfjellet og Skjørestadfjellet. Så seint på hausten var det rimeleg vått og sleipt, så me brukte store delar av dagen. Men for ein tur, altså! Løypekartet finn du på ut.no om du søker opp "7-nutsturen" der. God tur!

Karte    

Førlandsåsen - eller -nuten, om du vil!

Datum:
29.08.2020

Førlandsåsen - eller Førlandsnuten som det står i kartet (kjært barn har visst mange namn) - var den fyrste toppen eg gjekk til i området rundt Jørpeland. Eg var ikkje så kjent, så eg valde fyrste, men kanskje ikkje beste, vegen opp til toppen frå Kraftstasjonen. Bratt var det i alle fall oppover, og når hunden fekk det for seg å følgje eit anna spor og dermed leidde meg inn i ura, blei det ikkje lettare akkurat. Men me fann stien igjen og kom oss vel til topps. Og for ei utsikt frå toppen, men òg undervegs oppover. Å ta pustepauser oppover gjorde liksom ikkje så masse når ein kunne kvila auga på bygda og fjorden låg under. Storslått rett og slett! Me valde å ikkje gå same, bratte veg nedover. I staden følgde me dei raude merkene vidare innover slik at me kom ned ved >>>

Karte    

Krofjellet

Datum:
29.05.2020
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
3,0km
Karte    

Holtaheia i Strand

Datum:
unbekannt
Tourcharakter:
Wanderung

Holtaheia i Strand er eit lite eldorado av toppar. Parkeringsplassen - som i seg sjølv tilbyr ei flott utsikt - er utgangspunkt for ei rekke turar i herleg, lettgått terreng. Held du til venstre for parkeringa, i retning Årdalsfjorden, går du lett til toppar som Krofjellet, Ormakammen og Moldhesten, som alle er gode utsiktspunkt. Går du på høgresida i retning Bjørheimsvatnet kan du bl.a. ta den drøye 5 km lange rundturen via minnesmerket etter flyulukka i 1961 der over 30 skulegutar omkom. Vidare på rundturen kjem du til Topphøna som ligg på den stupbratte kanten ned mot Bjørheimsvatnet. Her frå ser du ned mot Tau og utover mot Stavanger - ei verkeleg flott utsikt!

Karte    

Eikefjellet -"go to-fjellet mitt"

Datum:
unbekannt
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
1:30h
Entfernung:
4,0km

Eikefjellet på den vesle øya Halsnøy i Ryfylket er "go to-fjellet" mitt når eg er på hytta. Toppen ligg ikkje høgare enn 214 moh, men utsikta derfrå er likevel upåklageleg: du ser langt både utover og innover i Ryfylke! Den beste staden å starte turen frå er kaien på Skartveit (ikkje ferjekaien vest på øya, men den gamle rutebåt-kaien ved butikken som vender mot Randøy). Derfrå er det merka rundtur gjennom byggefeltet, ein tur på drøye 4 km. Mykje av turen går over og forbi saue-beite, men òg gjennom bregne-kratt og tett lauvskog. Etter kvart som du stig i terrenget vert utsikta openberra, og det er berre å nyte! Kart over turstiene på Halsnøy Den eg har beskrive her, er den kortaste løypa som startar i Skartveitvågen, og som går over i blå merking.

Karte