Ekspedisjon Hårteigen (14.07.2016)


Karte
Besteigungen Hårteigen (1.689m) 14.07.2016

Eg hadde i lengre tid fleipa med at eg skulle gå frå hytta nord i Telemark og "heim" til Vestlandet. Denne sommaren vart det realisert.
Eg starta frå Killingskaret, mellom Veggli og Austbygde, og gjekk retning Lufsjå. Fin, godt merka transportåre her frå gamalt av, Nordmannslepa, frå aust til vest. Første etappe passerer like ved Storegrønutt. Frå Lufsjå passerte eg Boprgsjøbrotet på veg mot Imingfjell.

Godt å trekke beina...
Godt å trekke beina...

Hytta eg hadde tenkt å ta inn på her, var stengt, så det vart lang da vidare til Mårbu. Frå Mårbu gjekk ferda vidare til Rauhelleren via Geitvassdalen.

Hengjebrua i Geitvassdalen.
Hengjebrua i Geitvassdalen.

Så gjekk ferda vidare til Sandhaug og Litlos, og då Gaustatoppen ikkje lenger var i sikte, tok Hårteigen over.

Hårteigen i sikte!
Hårteigen i sikte!

Litt lett klyving for å komme opp på denne klumpen, men for ein utsikt!

Småsvett, rufsete dame på toppen etter fem dagar på tur...
Småsvett, rufsete dame på toppen etter fem dagar på tur...

Så vart det bad i isvatnet på veg til Torehytta og eit realt bad i badestampen som på den tid fekk stå på Stavali før dei siste bakkane ned gjennom vakre Husedalen og Kinsarvik. Buss til Voss og tog tilbake til Oslo.

Torehytta - sjølbetjent hytte med fabelaktig plassering!
Torehytta - sjølbetjent hytte med fabelaktig plassering!

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.