Archivo - fecha

Archivo - actividad

Amigos de Peakbook

Hasta el momento no tengo "contactos Peakbook".

Listas obtenidas

No me ha copulado en ninguna lista todavia

Tur til Kringlene

Fecha:
21.07.2014

Flott tur med familien til Søre Kringla. Eg tok også ein avstikkar til Nordre Kringla som kan anbefalast på det varmaste, og med ei kanskje enno flottare utsikt enn frå Søre Kringla. På oppstigninga til Nordre Kringla gjekk eg i skaret på vestsida, som krev noko lettare klatring.

Mapa    

Dokka

Fecha:
10.07.2014

Ein verkeleg flott tur i nydeleg sommarver! Frå Holmedal køyrde vi opp vegen som går nordover og på vestsida av Bakkeelva. Frå parkeringsplassen følgde vi stien eit lite stykke, før vi tok til venstre og gjekk opp den noko brattare ranen som ligg på søraustsida av fjellet. Toppen av Dokka har nydeleg utsikt, både austover mot Dalsfjorden, Blegja og Storehesten, og vestover mot havet og Alden. Frå toppen gjekk vi i retning nord på stien nedover mot Nyksvatnet, der det var herleg å kjøle seg ned :) Derifrå følgde vi stien langs elva tilbake til utgangspunktet. Biletet under viser punktet der ein enten kan ta til venstre å følge ranen, eller fortsette rett fram på stien mot Nyksvatnet. Toppen kan skimtast som ein liten pigg bakerst.

Mapa