Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (1)
- Ekspedisjon (1)
- Fottur (87)
-
Skitur (49)
- Fjellskitur (12)
- Randonnée/Telemark (37)
-
Sykkeltur (6)
- Blandet sykling (2)
- Terrengsykling (4)
Fimreiteåsen - kun for å ta toppen
- Dato:
- 22.09.2017
- Distanse:
- 6,2km
Dette var ein kollegatur til Fimreie der dueskardvarden var det planlagte målet. Men eg fekk likevel kverulert meg til at vi heller gjekk til Fimreiteåsen. Litt surmuling vart det, naturleg nok, da det var lite å sjå der oppe. Men vi hadde heldigvis med øl. Seinare på kvelden vart det nok eit sjøslag i stampen hans Harald. Gud betre som eg angra dagen etterpå..
Lemenjakt i Mefjellet
- Dato:
- 17.09.2017
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 6,2km
Etter gårsdagens fiasko var planane for sundagsturen jekka 3 hakk ned. Maks ei halv mil, og med ein estimert tidsbruk på 2-3 timar. Og denne gongen klarte vi målet! Da er det på sin plass å forfatte ein liten turrapport:
Starten gjekk frå campingplassen ved Bygdin fjellhotell. For å parkere her må du betale 50 kroner til han Ole Thomas Grythe Nygard. Og etter biloppstillinga denne dagen å rekne, skal eg tru han godaste Gniar Nygard har til salt i maten.
Frå parkeringa gjekk vi over grusvegen og inn på stien oppover i retning Heimre Fagerdalstjernet. Da vi var komne opp på det første platået, låg Synshorn aust for oss. Herfra gjekk vi mot venstre (det vert vest ja) og fortsette oppover ryggen mot Mefjellet. Da hadde vi gått i 1/2 time. Med skråsikker mine meinte likevel Arnold >>>
Familietur i retning Sikkedalshøe
- Dato:
- 16.09.2017
- Distanse:
- 10,9km
Så var det endeleg duka for ei dugandes familiehelg på Beitostølen - som etter mamma Britt si meining, sitat; "fan meg var på tide".
Første dagen vart målet sett til Sikkildalshøe. Vi starta i nærmast perfekt vêr frå Maurvangen, og parkerte inne på campingplassen. Det hadde nok ikkje camping-eigaren godkjend, om han da hadde sett det. Men det gjorde han altså ikkje.
Første bommerten var at fjellskoa mine låg att på hytta. Så da vart det spasering i småby-sko, for øvrigt i samsvar med trenden på Besseggen like ved. Sist eg gjekk der såg eg til og med nokre kinesarar med lakksko og parasoll. Eg følte meg likevel ikkje mindre tosk av den grunn.
Frå parkeringsplassen gjekk vi forbi nokre campingvogner og kom fort inn på stien. Her gjekk det i langt, slakt terreng gjennom >>>
Bjedlastølen (nesten) via Åberge
- Dato:
- 03.09.2017
- Distanse:
- 7,2km
Føremålet var ein lett joggetur. Men det vart det ikkje. Godt eg hadde hunden som kunne dra meg i gong for kvar pustepause eg tok. Gud betre..
Kvalneset, Runde
- Dato:
- 02.09.2017
- Distanse:
- 5,9km
Runde denne sagnomsuste øya, der mang ein mann (og mus) har møtt ein våt skjebne etter å ha vorte knust mot digre fjæresteinar. Her vaks han far Arnold opp - heilt til han fant ut at det ikkje var liv laga, og drog derifrå. Uansett så vekkjer denne øya mange gode barndomsminne.
Denne gongen var vi på Runde fyr som feira 250 års jubileum. Det er ein rimeleg lett tur frå Goksøyra (ja, her kjem familienamnet frå) i noko blaut mark, opp fjellet og så bratt ned att - til Kvalneset. På vegen går ein forbi staden der den flamske handelsskuta Akrendam sakk i 1725. Den hadde kome seg ut av kurs på veg mot Jakarta i Indonesia og forliste her (!) ei stormfull natt 8. mars. Ja, eg tenkjer det same. Da har du jammen meg navigert deg bort i natta. Synd for mannskapet, men kjekt for dei tre >>>
Knøletur i retning Tverrdalstind
- Dato:
- 27.08.2017
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:00t
- Distanse:
- 12,0km
Av og til er det godt å vere på tur. Ja, berre på tur. Ingen topp, eller anna høgtliggande mål eller meining.
Eg sette meg på sykkelen, med hunden i band, frå Selseng (parkeringsplassen), og sykla inn - og forbi - Anestølen, i det vi kan kalle ganske godt vèr. Håpet var å finne ein dugandes sykkel-sti (og nei, eg er ikkje spesielt kresen) oppover dalen mot Tverrdalsvotni. Det håpet gjekk ganske enkelt i dass. Eit stykke oppover sette eg den frå meg bak ein duganes stein og fortsette til fots.
Etter kvart forsvant stien litt her og der, så eg gjekk over på andre sida av elva (aust-sida), da det såg ut til at det var betre sti der. Men det var det ikkje. Det var likevel ikkje spesielt krevjande å gå oppover dalen. Da eg kom opp til ca 1100 meter sette eg meg på ein stein - naut >>>
Loffetur til Nuken, Sogndal
- Dato:
- 06.08.2017
Treng ikkje gå flest mogleg høgdemeter kvar gong.
Kan til dømes køyre opp til Åsen frå gamlevegen (motsett side av Sogndalselva) etter å ha passert Kvåle, inn på bomveg (50 kr). God parkeringsplass på toppen.
Molden, nok ein gong
- Dato:
- 29.07.2017
- Turtype:
- Fjelltur
Geitaryggen
- Dato:
- 16.07.2017
- Distanse:
- 11,7km
Geitaryggen ja - familieturen i 2017.
Det har etterkvart vorte ein årleg familietradisjon for meg, pappa Arnold og bror Eirik at vi skal gå ein tur saman (og krangle om dette) i løpet av sumaren.
Opphavleg var det, som vanleg, svært mykje diskusjon og krangel om når og kvar vi skulle gå. Forslaget mitt gjekk ut på at vi måtte vi ta den turen vi hadde planlagt lengje, over Meneseggen. Dette er ein ganske lang, men flott tur som går over fleire toppar på grensa mellom Balestrand og Sogndal kommune. Her møtte eg mykje motstand og skepsis. Særleg var Eirik ganske redd for at han var for lat til å gå denne turen. Arnold var på si side ikkje redd for sjølve lengda på turen, men den aukande risikoen for at han kunne få nokre vatndråpar på seg.
Eg fekk til slutt overbevist karane om >>>