Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Lieblingsgipfel

Storehaugen

Datum:
17.08.2025
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
6,3km

Tur til grøn topp frå utgangsdøra heime.

Karte    

Klantenovi 12/25

Datum:
15.08.2025
Tourcharakter:
Fußtour
Entfernung:
4,2km

Ny runde om Klantenovi. Denne gongen med Sander. Bra tempo.

Karte    

Graveskarnosi

Datum:
14.08.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
10,3km

Fyrste for min del til Graveskarnosi. Opp stien frå Tyinosen. Fin tur dette. Bratt opp til fjellet, men lett å gå oppå mellom toppane. Flott utsikt til relativt nærliggende Hurrungane. Hjelledalstind tok seg fint ut frå dette området. Mykje sva, og spennande og variert topografi innimellom oppi her.

Karte    

Klantenovi 11/25

Datum:
08.08.2025
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
3,9km

Når ein eigentleg ikkje har tid til skikkeleg topptur, så blir det den kjappe vesle lokalt.

Karte    

Mannen - Haramsøya

Datum:
02.08.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
13,5km

Tur med bror din Marita og svigerinne. Pål tok El-sykkelen opp til fjellet, medan me gikk. Oppå fjellet var eg spent på desse vind-turbinane. Lite å sjå av dei også, grunna skodda. Frå Mannen såg ein styrtningane, og tidvis ned til bygda. På returen var eg bortom Ulla-hornet også. Fin sti lags styrtningane her, siste stykket ut mot topp-punktet. Fin tur, på trass av begrensa utsikt. Kosa oss ved Ulla fyr resten av kvelden. Litt solnedgang, men noko for tett sky-lag i dag.

Karte    

Klausethornet og Digergubben - Midsund

Datum:
31.07.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
6,8km

Tur to på Midsund i dag. Denne gongen aleine, og med to raude nåler som resultat. Også her var det steintræpper, men kun i bratta frå start og opp til ca 280 m.o.h. Vidare sti, og i deg som ein "Indresogning" vil omtala som "høgfjells-terreng". Fint å gå oppå fjellet her. To snille toppar, fort gjort, og bra med pm.-faktor samla. Lite utsikt også her.

Karte    

Rørsethornet -Midsund

Datum:
31.07.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
4,8km

Dette var ein tur som Marita hadde svært lyst å gå. I fjor var knea hennar ute av form. Men i år, og med to nye halvproteser på plass, gikk det heilt fint. Træppene var lagt fint i naturen. Eit par plassar kjende eg på luftigheita på retur nedatt. Og ein stad litt før ein kjem opp på fjellryggen, var det temmeleg bratt. Personleg føler eg meir for å klyve i naturleg bratt ut. Men denne ruta har absolutt sin fasinasjon. Gikk ca 30-40 meter frå toppen og vidare bort ryggen. Følte der å då at det var i luftigaste laget, utan at nedgongen vart grundig sjekka. Hovud-målet vart nådd i alle fall. Frå toppen var det ikkje utsikt, grunna skodda.

Karte    

Leikvoll - Borgund

Datum:
28.07.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
8,3km

Tur utan topp i dag. Prosjekt å fullføre Bakketrimmen til Lærdal turlag. 25 registreringar på 7 turmål. Byrja også på Stølstrimmen, 10 turmål over to år. Besøkte Leikvoll. Gikk med Marita, og det går bra med hennar rehabilitering etter operasjonar i begge kne.

Karte    

Heirsnosi

Datum:
25.07.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
5,6km

Til Heirsnosi studerte eg på val av rute. Hadde tre alternativ. Tenkte litt å utvide ruta på retur frå Eldegardnosi ved å gå over vass-tunellen. Det var trakk opp der. Men eg var usikker på elevane inni botn. Vurdert også å køyre ned forbi brua. Enda med å køyre nedatt ca. 500 meter å gå rett over elva ved flatt parti. Snøra skoa godt ,bretta sokkane over, og kom nesten turrføtt over. Men det heiter vassing. Så vart det å følgje terrenget på ein effektiv måte, som eg valde nord for elvegjelet. Tyngre å gå her, grunna noko lyng og mose. Litt før ryggen vart det lettare. Kuppert mellom avrunda fjell-parti bortetter. Utsikta herifrå vil tru er framifrå i godver. Noko sikt fekk eg, men stortoppane var gløymde i dag. Tok relativt same ruta nedatt. Vart blaut på føtene >>>

Karte    

Eldegardsnosi

Datum:
25.07.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
6,4km

To toppar i Årdal i dag. Tok av frå Tyinvegen ved «400-meteren», svingane opp, og inn Rausdalen. Sistnemnde køyre-del, anleggsvegen, var av den dårlege sorten. Det var sett opp advarande skilt. Køyrde ikkje så langt som råd, eg skulle da ha litt tur. Gikk til Eldegardnosi fyrst. Fyrst på anleggsvegen ca. ein km, så inn i terrenget. Kuppert her, så ein må følgje med. Fann hyller ved eit opptak ved vatn, og gikk innom den austlege «toppen» fyrst. Så var det å snirkle seg mellom svaparti bortetter mot varden på toppen. 50 meter lenger vest får ein fin fjord-utsikt. Litt skydekke i dag, tok bort noko sikt. Berdalseken og Raudbergnuten var slik sett ikkje fri. Nedatt omlag samme rute. Lett tur. Ein bør vel gå turen frå vegen mellom Årdalstangen og Øvre ei gong.

Karte