Herkelås, Tjøme (01.08.2018)


Turlengde 1t 06min
Distanse 17,5km
Høydemeter 150m
GPS
Bestigninger Herkelås (80moh) 01.08.2018 17:28
Andre besøkte PBE'er Herkelås fra vest parkering (21moh) 01.08.2018 17:05

Etter tur med Bastøferga frå Moss til Horten vart Tjøme sett på som eit svart hol etter endring av høgste punkt, no til Herkelås.
Vi køyrde nedover, fann lett avstikkaren etter Tønsberg og inn på parkeringsplass. Tjapt så vi skilt om paintballaktivitet, men også skilt til ei hole i fjellet, sjølvaste Herkelhula. Vi fulgte denne 10-12min til hula som var litt smårtig, her har det nok skjedd mykje moro. Det er mogleg å buldre rett opp om berget er tørt, men vi gjekk litt attende før det bar opp mot toppen. Brått kom vi over ein heftig paintballpark, men lukkeleg var det ingen som fyrte av måling i vår retning (eller andre retningar). Rett aust for banen var sjølve toppen, her tok vi bilete og gjekk litt vidare søro er for å sjå på utsikta. Det var ekstrem tørt her oppe, furu og lyng var brunt og klar for haust. Med von om at dei får regn. Ned att gjekk vi standard rute på kart rundt åsen og ned til bilen. Her gjorde «guteklubben grei» seg klar for paintballkrig i uniform med våpen og det heile Det var berre å komme seg vekk med skinnet inntakt og satt kursen mot lønsj i Tønsberg. Diverre gløymde eg å skru av turtellar før vi kom fram til byen så sporingar litt også her.
Totaltid: 50min
Dagens tips! Havna hotell på Tjøme skal vere bra, mat og overnatting.
Dagens dyr! Måse på brua

ps. Eg prøvde å lage PBE på Herkelhula, men fekk ikkje dette til.
Følg sporinga mi eller skilt.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.