Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Dønttinden og Sæterhøa

Datum:
24.07.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
21,4km

Ein fin rundtur frå Storhaugan, der eg kryssa elva over brua ved Værmedalssætran. Fint å følge ryggen på Veslfjellet med fine svaberg å gå til Sæterhøa. Gjekk ned til Tverråbotnet og runda vatnet 1210 og vidare opp den breie fine ryggen til Dønttinden, ein del snøfonner låg att her. Ei kraftig snøbyge fekk eg med på toppen men sol og sommer var tilbake lengre nede i lia. Følgde Tverråa ned og vassa over elva som heldigvis ikkje var så flaumstor. Fint å russle tilbake vegen gjennom Vermedalen. Fin og stille åleinetur i ein nydeleg dal med nydelege toppar som Salknappen, Dønttinden og Vermetinden. Utsikta frå desse toppane over mektige Romsdalsfjell kan ein heller ikkje klage på :)

Alterhøa via Bjørnelega

Datum:
23.07.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
11,1km

Karte    

Mefjellet opp

Datum:
19.07.2015
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
14,0km

Første løp i år... og alltid kjekt med nye fjell. Har vore litt usikker på løpsform, med mange og lange forkjølingar i vår og vinter. Men har funnet årsak på at det er allergi og sannsynleg astma, bagateller allikevel i den store sammenheng!! Kjekt var det i alle fall med eit nytt fjellløp med utsikt til mange nye flotte toppar å bestige :) Ikkje minst flott å sjå Johan Bugge knuse sin eigen løpsrekord på sleipt underlag på 42.57...litt av ein kapasitet! http://www.mefjelletopp.no/

Karte    

Kvitfjellet og Skåla i Rauma

Datum:
18.07.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
12,6km

Fin runde på to flotte toppar med noko regn attåt...og ein ny vannskada tlf.....lærer aldri!! Begge toppane er nymerka med fine stiar, borsett frå distansen mellom toppane! Der rota eg meg inn i store vaser med rotvelter i hogstfeltet, noko nøysommeleg tid gjekk det der i silregnet. Nok ein gong stryk på allværsjakke og merketest.... Skåla var ein spesiellt fin topp med litt bratt klippeformasjon mot havet

Karte    

Breitinden - Rauma

Datum:
20.06.2015
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
4:30h
Entfernung:
13,2km

Ein nydeleg dag med perfekt skiføre og temperatur...Utruleg heldig med veret der skodda dreiv trollsk over dei mektige Romsdalstindane.

Øyenibba

Datum:
15.06.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
7,7km
Karte    

Aure: Storøret

Datum:
25.05.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:20h
Entfernung:
7,3km

Ein superfin turdag i eit nydeleg område, synd at skodda låg tjukk rundt varden for utsikta sin del. Men så var det jo berre ein liten smakebit på fleire turar i dette området. Spesielt med dei flate øyane og dei ganske så store og flotte fjella.

Karte    

Nesaksla

Datum:
24.05.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
6,2km

Rask tur opp og fint avbrekk på veg mot Aure. Skodde og litt vind på toppen...

Moanebba

Datum:
24.05.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
4,2km

Passeleg fin liten topp til fots med flott utsikt, berre små snøfonner att på toppen!

Karte    

Tunheimshornet

Datum:
01.05.2015
Tourcharakter:
Fußtour
Tourlänge:
0:36h
Entfernung:
1,4km

Tok av rett etter Statoil stasjon til høgre opp i byggefeltet ved Ytre Tunheim. Det går nok ein merka sti opp til Tunheimshornet frå byggefeltet. Eg valgte å køyre rundt og følgde vegen nesten til endast ved eit jorde. Fant ikkje tydeleg sti herifra, så eg gjekk i rett linje opp gjennom granfeltet. På toppen var det lett å sjå sti frå begge kantar på retur...Fin utsikt mot neste tur til Litle og Storebøra.

Karte