Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Sutretur til Ljøsureggja

Date:
17.07.2019

Mamma inviterte Einar på fjelltur, og då heiv eg, Asgeir og Oline oss med. Ungane var svært lite motiverte, og vi tenkte at vi måtte vere nøgde om vi nådde Kjenndalshytta. Men med rosiner, klatresteinar og veldig god tid, kom vi oss heilt til topps. Eg og mamma gjekk bort for å sjå på Store-Toren. Vi er ikkje så gode på høgder nokon av oss, men kanskje ein dag?