Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Ekspedisjon Einar

Date:
07.08.2017

"Mamma, kan ein gå heim til Stårheim herifrå?" spurte Einar i vinter. Vi hadde vore på skitur på Harpefossen og Einar såg seg spørjande rundt. "Det kan vi sikkert, men det er nok litt langt." svara eg og heiv ski-par nummer fire og ein pulk inn i ein fullstappa bil. Guten gløymde det ikkje og i heile sommar har vi vore i treningsmodus. Måndag var vi klare til ekspedisjon. Turen gjekk fyrst frå Furuhogane til Kjenndalen. Her var det høgtidleg klipping av barnas turlagkortet og rekognisering av vidare rute. Vi snakka med nokre karar som meinte at vi hadde iallefall store nok sekkar til turen. Einar ca 5 kg og eg ca 20 kg. Eg var strålandes fornøgd med at eg hadde klart å få plass til alt eg trudde vi hadde bruk for, vekt hadde eg ikkje tenkt på då eg pakka.

Map     3 comments

Miniferie

Date:
25.07.2017
Map    

Tur nr 2 ved Fondsbu

Date:
11.07.2017

Ny supertopp for familien. Her var det veldig mykje folk og vi tulla oss raskt avgarde til neste mål, fisking.

Map    

Familien på tur

Date:
10.07.2017
Characteristic:
Hillwalk

Kort tur som vart ein dagstur med fire små. Stor fiskelukke då eldstemann fekk med seg tre småkreder i "kredelomma" på jakka.

Map