Ulsnanosi (21.08.2014)

Written by JonnyA (Jonny Asperheim) GSM

Start point Hjelle Gard (80m)
Endpoint Hjelle Gard (80m)
Characteristic Hillwalk
Duration 5h 52min
Distance 16.5km
Vertical meters 1,210m
GPS
Ascents Ulsnanosi (1,231m) 21.08.2014 10:30

Arild (Appiz) og eg starta frå parkeringsplassen ved Hjelle Gard i Utladalen. Her er det merka sti (DNT) opp Hjelledalen. På "Bråtet", 460 moh der taubana endar, var det naturleg med fyrste pause. Flott utsikt og ferdig med den verste stigninga.

Vidare på god sti til Heimre Hjelledalen (Vårstølen) og vidare til Fremre Hjelledalen. Alle stølshusa på begge stølane er sett i stand og er nærast eit glansbilete. All ære til dei som har sett i stand husa.

På vegdelet oppe i bakkane etter Fremre Hjelledalen tok me til venstre, på stien som går til Øytjørni og Morkaskardet. Med ein gong terrenget flatar ut, kjem ein til ein høg slank varde ved stien. Her tok me rett opp til venstre, retning Ulsnanosi.

Me fylgde høgdene innover, kryssa eit par små "dalar" og etter 3,5 timar frå start var me oppe ved varden på høgaste punktet på Ulsnanosi.
Det er og ein større varde (geometrisk fastpunkt) framme på kanten mot Utladalen. Denne var me ikkje nede på.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.