Dokka (10.07.2014)

Written by MrMercury

Map
Ascents Dokka (756m) 10.07.2014

Ein verkeleg flott tur i nydeleg sommarver! Frå Holmedal køyrde vi opp vegen som går nordover og på vestsida av Bakkeelva. Frå parkeringsplassen følgde vi stien eit lite stykke, før vi tok til venstre og gjekk opp den noko brattare ranen som ligg på søraustsida av fjellet. Toppen av Dokka har nydeleg utsikt, både austover mot Dalsfjorden, Blegja og Storehesten, og vestover mot havet og Alden. Frå toppen gjekk vi i retning nord på stien nedover mot Nyksvatnet, der det var herleg å kjøle seg ned :) Derifrå følgde vi stien langs elva tilbake til utgangspunktet.

Biletet under viser punktet der ein enten kan ta til venstre å følge ranen, eller fortsette rett fram på stien mot Nyksvatnet. Toppen kan skimtast som ein liten pigg bakerst.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.