Jiehkkevárri (16.08.2014)

Written by SÅH (Sven-Åge Hauge) GSM

Duration 11h 35min
Distance 17.6km
Vertical meters 2,207m
GPS
Ascents Holmbukttinden (1,666m) 16.08.2014
Jiehkkevárri (1,834m) 16.08.2014

Vinterlig på Jiehkkevàrri

Etter tur på Øksfjordjøkelen i går kjørte me sørover til klokka var ca 2300, før me parkerte ved ein rasteplass og slo opp telt. Me trengte litt skikkelig søvn før me tok fatt på Jiehkkvarri, da det hadde blitt dårlig med søvn forrige natt. Etter ei god natt søvn og ein god frokost fortsatte me til Lakselvbukt.
Kjørte inn på traktorvei ca 300m nord for Storelva, og kl 12 starta me å gå innover traktorveien mot Tverrelva. Fulgte sti på nordsida av elva so langt me kunne og dreide etter kvart nordover opp i dalen vest for Holmbuktind. Me fulgte stort sett elva i dalbunnen videre oppover til breen. Passerte nedre del av bretunga på nordsida og videre opp ei renne NØ med mykje laus stein. Når me kom ut av renna dreide me østover og etter kvart sør opp til ryggen mot Holmbuktind.
Herfra låg det nysnø og det vart ganske vinterlig med skodde og litt sludd. Me gjekk opp til fortoppen vest for Holmbuktind og hadde ein god pause her. Me tok på stegjern og tau og fortsatte videre over Holmbuktind og nedover ryggen på østsida. Her kunne me gå på klippe eller i kanten av breen. På ein plass holdt eg litt for langt oppe på ryggen og kom opp på ein knaus og endte i ei bratt side mot øst. Måtte her litt tilbake og ned til brekanten igjen(viser på GPS logg). Når me var nesten nede på laveste punktet måtte me over nokre solide sprekker før det vart lett klyving opp eit klippeparti. Resten av turen var grei vandring på stegjern. Me passerte høyde 1738 på sørsida og her var det ein heil del sprekker.
Ca 700m før toppen gjekk me av breen og over på fjell. Her tok me av stegjern og tau. Etter eit kort parti på stein/klippe kom me over på snø igjen, og her burde me tatt på tauet igjen. Herfra ser det ut som ei tynn snøkappe dei siste 250m til topps og me gjekk oppover usikra. Da eg kom til topps oppdaga eg ei sprekk tvers over toppen i retning NV-SØ. Ei ganske vid sprekk fylt med snø. Eg tok på tauet og fekk Glenn til å sikre med stramt tau. 2 små skritt ut i sprekken og eg raste rett igjennom og vart hengande i tauet.
Det var vinterlig her oppe, vatnet fraus i slangen på drikkesekken og det var lett snødrev i lufta. Skulle gjerne hatt utsikt fra nettopp denne toppen her, men det vart ikkje denne gangen. Det sørga sykkelrittet Arctic Race for(sjå turbeskrivelse Øksfjordjøkelen om du lurer på denne) Etter litt bilder tok me samme vei ned igjen. Det gjekk i rolig tempo da me kom ned i den lause ura igjen, og enkelte føtter var tyngre andre etter 2 dager på tur :-)
Bilder: http://www.utifriluft.com/Norges-fylkestopper/Jiehkkevàrri-Troms/

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.