Rimmane og Ørnafjellet (11.08.2014)

Skrevet av reikri (Reidun Kristiansen) GSM

Startsted Rørvikfjellet
Sluttsted Rørvikfjellet
Turtype Fjelltur
Turlengde 4t 15min
Distanse 15,0km
Høydemeter 1081m
Kart
Bestigninger Rimmane (1204moh) 11.08.2014
Ørnafjellet (1226moh) 11.08.2014

Starta ved parkeringsplass eit lite stykke fra Rørvik Fjellstove i retning Holsen. Fulgte merkinga heilt opp til Rimmane. Stien er godt synleg og godt merka, så det var ikkje vanskeleg å finne vegen. Deretter tok eg sikte på Blåfjellet og skaret mellom Rimmane og Blåfjellet. Her var det ikkje merking eller sti. På toppen av Blåfjellet er det to ruter ned til Hårklaustølen. Ein kan gå ned via Ytrebotnen, eller ein kan gå ned på "framsida". Begge rutene er merka med raude punkt, slik at det ikkje er så vanskeleg å finne fram. Eg tok ruta på framsida av fjellet,slik at eg såg rett på Haukedalsvatnet på veg nedatt. Her var det ingen tydeleg sti, men sidan det er god merka, så er det berre å følge desse. Då eg kom ned til Hårklau og Haukedalsvatnet gjekk eg langs vegen til eg kom bort til der gamlevegen starta. Fulgte denne opp igjen til bilen. Eit lite stykke før eg kom til bilen, så starta regnet. Klarte akkurat å komme meg tilbake til bilen før eg blei alt for våt.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.