Fanaråken og Steindalsnosi (09.08.2014)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Turtagrø (868m)
Endpoint Turtagrø (868m)
Characteristic Hillwalk
Duration 5h 00min
Distance 21.3km
Vertical meters 1,900m
Map
Ascents Fannaråken (2,068m) 09.08.2014
Midtre Steindalsnosi (1,900m) 09.08.2014
Store Steindalsnosi (2,025m) 09.08.2014
Store Steindalsnosi Øst (2,025m) 09.08.2014
Vestre Steindalsnosi (1,936m) 09.08.2014

Hadde så stort tenkt meg til å springe Fanaråken også i år. Synest det er eit fint løp og har tidlegare kombinert med å gå nokre 2000 m toppar. Denne gangen tenkte eg skulle plukke med Steindalsnosi på retur etter løp. Fine meldingar og ikkje for varmt så eigentleg heilt ypperlege forhold. Reiste innover mot Turtagrø fredag ettermiddag med plan om overnatting i telt, eit fint liv :) På veg innover kjende eg på litt murring i kroppen, følte at dette lovar ikkje bra!!! Kom til Skjolden, så var fjelltoppane der oppe innehylla i svarte skyer og eit skikkeleg torever og med lyn nok til eit heilt scene show:) Kom opp til Turtagrø og litt i villrede om å tore sette opp teltet og heller sove i bilen. Har no høyrt at det skal vere det tryggaste... :) Snakka med eit par kara som nett hadde sett opp telt og det under det verste veret... no var lykka på mi side, og uveret var på veg vekk :) Dei skulle på Storen med Nils Nilsen og opp kl 04 for det var meldt noko vind og storm meldingar ut på dag. Dei hadde nok ein kjempe tur:) for veret vart strålande og vinden ikkje så sterk som meldt. Morgonen starta for meg med å melde avbud på løp.. kjende litt på den og følte meg eigentleg tom i kroppen. Så fornuften seira og tanken på ein fin rundtur med Steindalsnosi og Fanaråken tilslutt måtte bli bra i roleg tempo:)

Frå vestre Steinadalsnosi 1936 moh mot Store Steinadalsnosi 2025 moh
Frå vestre Steinadalsnosi 1936 moh mot Store Steinadalsnosi 2025 moh

Starta frå Turtagrø kl 09.30 og følgde grusvegen inn Helgedalen, over elva og opp stien mot Fanaråken ein liten stubb. Kryssa elva over og inn mot Steindalen, gjekk ryggen rett opp mot Steindalsnosi 1936 m fekk dermed heile den fine ryggen mot Store Steindalsnosi 2025 moh. Var stille på toppen og ingen andre å sjå. Fortsatte vidare ut ryggen og tok bratt ned skaret mot Fanaråken. Istaden for å klyve bratt opp mot Fanaråken, gjekk eg steinura og snøfonna ut under fjellet og kom ganske høgt inn att på stien, mot Fanaråken. Litt trist syn var det å sjå, kor enormt mykje boss frå hytta som låg under heile ura bortover. Enorme mengder med blikk boksar, gamle kaffekjeler, trekasser og anna... Heldigvis så blir avfallet frå turist hytta frakta ut av området idag. Så om nokon har interesse av antikvitet hermetikk boksar, så finn ein det der!!!

Frå Store Steinadalsnosi mot Steinadalsnosi ryggen og retning Turtagrø
Frå Store Steinadalsnosi mot Steinadalsnosi ryggen og retning Turtagrø
Frå Store Steinadalsnosi 2025 moh mot Fanaråken og oppløps stemning denne dagen :)
Frå Store Steinadalsnosi 2025 moh mot Fanaråken og oppløps stemning denne dagen :)
Fint ver og god stemning på Fanaråken denne dagen
Fint ver og god stemning på Fanaråken denne dagen
Mange på retur heim etter ein fin tur og oppløp på Fanaråken
Mange på retur heim etter ein fin tur og oppløp på Fanaråken

Kom på toppen av Fanaråken i akkurat passeleg tid, til å nyte ein kopp kaffi med bekjente og få tur følge ned att :)

User comments

  • -
    avatar

    Søppel på Fanaråken

    Written by Eikås 14.08.2014 20:02

    Eg har fått snakka med ei god veninne som jobbar i Statens Naturoppsyn og for Jostedalsbreen Nasjonalpark. Ho tek denne saka vidare med antikvitets søppelet under Fanaråken. Og eg veit at saka går då vidare :) :)

    • -
      avatar

      Sv: Søppel på Fanaråken

      Written by mortenh 14.08.2014 22:19

      Så bra!

  • -
    avatar

    Roleg dag...

    Written by Garm 11.08.2014 23:52

    Mens vi vanleg dødlege held senga eller i verste fall sleper seg ut i stova og dumper ned i sofaen framfor tv'en når vi følar oss litt pjusk roer Janne ned med ein roleg tur over Fanaråken og Steindalsnosi... :)

    • -
      avatar

      Sv: Roleg dag...

      Written by Eikås 12.08.2014 00:39

      No måtte eg flire Geir Arne :) :) Det er ikkje spøk dette her, når konkurranse instinktet er så høgt... :) Følte meg litt åleine der borte på Steindalsnosi ei stund :) Men ein kjempefin topp var det, eg angrar ikkje på at eg fekk med heile ryggen frå skaret ..vart litt overraska over ein så fin rygg :) Har ein seigmann rapport å skrive snart ;) :)

  • -
    avatar

    Flott lell

    Written by ligroenb 11.08.2014 23:11

    Synd med formen, men fornuftig at du tok det litt med to ;) Skulle gjerne vært med til Hurrungane , men det får bli mer muligheter til neste år!! Gleder meg :) Shortsen din ligger forresten og venter, håper vi får en tur i lag snart!

    • -
      avatar

      Sv: Flott lell

      Written by Eikås 12.08.2014 00:11

      Ja, gjeld berre å finne dei gode alternativa, når det ikkje går som ein har tenkt... ;) Vi hadde ein fin rundtur på Loftet og Skagsnebb i fjord..så vi var på gang :) Kaffibesøk snart og planlegge gjerne ein fellestur med fleire her i vårt område, vi skulle fått til :) Gleder meg til god Shortsen ;)

  • -
    avatar

    Tenkte det samme

    Written by mortenh 11.08.2014 17:58

    Var på Fanaråken med Barnas Turlag fra fredagskvelden. Ny all time high på hytta med 102 gjester, men jeg og Naboen måtte i praksis sove ute. Men som du også så, steike å mye søppel å se. Skikkelig søppelfjell. Det er så man blir litt trist på menneskehetens vegne. Greit nok at Turistforeningen kanskje ikke har hovedskyld (men det er klart hyttedriften bidrar med litt fra de gjestene den trekker, og mye søppel fra før legitimerer forsøpling hos enkelte), men jeg synes det er rart at ikke turistforeningen går i spissen for en oppryddingsaksjon på søppelfjellet (ikke bare antikvitetssøppel der oppe). Det må da være bedre enn å merke enda en sti eller bygge enda en hytte?

    • -
      avatar

      Sv: Tenkte det samme

      Written by Eikås 11.08.2014 23:40

      Det tipper eg måtte vere liv :) :) Dåke fekk vel litt uvær og då til gangs ei stund, der oppe? ;) Ja,eg synest det var litt spesiellt å nesten sparke på boks bortetter ura..;) Har nok samme oppfatning av at det ikkje er så nøye med når det ligg boss frå før eller natur inngrep har vore gjort. Har høyrt kommentarar som at det er øydelagt frå før, så litt til betyr ikkje så store forskjellen...og det i nasjonalpark områder, av godt vaksne folk!! Moral som blir overføre til våre håpefulle! Tenker kanskje ein skal melde inn dette, vil tru det er mange andre som vil gå i same spora framover:) Det er vel gjerne mest sannsynleg Turistforeninga sentralt ein kontaktar i dette tilfellet eller nasjonalpark styret!!?

  • -
    avatar

    Oppløp

    Written by otto 11.08.2014 17:28

    Lurt å spare på kruttet til neste helg.......

    • -
      avatar

      Sv: Oppløp

      Written by mortenh 11.08.2014 17:55

      Det hørtes ut som store planer ... nesten så en nysgjerrigper kan bli nysgjerrig av mindre.

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Oppløp

        Written by ligroenb 11.08.2014 20:40
      • +
        avatar

        Sv: Sv: Oppløp

        Written by Eikås 13.08.2014 12:40
    • -
      avatar

      Sv: Oppløp

      Written by Eikås 11.08.2014 23:00

      He-he Ja, det er berre å håpe at det finnast :) Ellers takker eg for sist og ein kjempefin fellestur i strålande ver, i nye områder for meg , så langt opp har eg ikkje vore før:) Men ser at ein bør ha nokre veker samanhengande pga avstandane og logistiken krever sitt. Sjølv om eg er vant til at logistikken tar sin tid, heimatt ifrå Solund :)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.