Første fylke komplett: siste i Telemark (10.08.2014)

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hike
Duration 4h 30min
Map
Ascents Vardefjell (814m) 10.08.2014

Siste ferieveka på hytta blei brukt i moltemyrane. Men heimdagen var eg aleine att - utan hund, men med sykkel, og eg hadde planlagt å ta den siste i Telemark, Sauherad, frå nord. Så eg tok av frå rett etter Saggrenda, køyrde opp forbi Heistadmoen, følgde vegen til der eit skilt med Raje på peikte til høgre. Betalte bompengar og køyrde heilt til den store parkeringsplassen ved Ravalsjøen. Derifrå sykla eg rett fram, skiltet sa Breiset trur eg. Fleire moglege vegar å ta av, men rett fram fungerte fint, og då blåmerkinga byrja, var det berre å følgje den. Sondre K seier i sin rapport at den siste motbakken var lang og tung, eg måtte gå av sykkelen. På toppen etter at det flata litt ut, parkerte eg sykkelen under ei gran, og byrja å gå blåmerkt stig. Svært vått etter regnværet i går, urskogpreg dessutan, meterhøge bregner mange stader, rotvelter, moter og blåber var det også ganske mykje av. Då eg kom fram til Surtetjønn, visste eg jo at det eigenleg ikkje er nokon god trasé opp. Eg gjekk rett over osen på rotvelta der, men burde gått over bekken 10-15 meter lenger ned og så halde rett opp mot berget, for der er det ei lita skorte som fungerte bra på nedturen. Eg gjekk litt for langt til høgre. Litt småkav, men kom etter kvart inn på det vesle faret som ender i ei kløft eller ein korridor som leier rett ut ved den vesle dammen på toppen. Derifrå gjekk eg i sol på det fine platået bort til varden. Berg og tørr lyng. Var innom den andre vesle varden med bolt også. Åt niste med ryggen til varden, såg Vealøs, Skårråfjell, Skrim og Jonsknuten. Deilig og luftig topp i fint vêr. Eg brukte tre timar opp, litt småroting, mykje sjekking av GPS og litt moltespising. Nedturen gjekk på 1 time og 20 minutt. Det var den attande og siste toppen i Telemark, og som patriot må eg seie at fylket har veldig mange fine toppar: Brattefjell, Bledalsrinden, Gaustatoppen, Kvannefjøll, Nupseggi, Napuren og Jøronnatten. Men turane til Fagerlihei, Førheinutane, Knarren og Sveinsheii var også supre. Sjølv dei små i sør har vore fine turar. Skal eg velje ein favoritt, er det nok Brattefjell, der eg har vore fleire gonger, men påsketuren til Nupseggi var og minneverdig og fantastisk.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.