Rundtur: sørsida av Standalseidet (09.08.2014)

Written by Sunbump (Tone Solhaug)

Map
Ascents Nordre Blåtind (1,282m) 09.08.2014
Søre Blåtind (1,279m) 09.08.2014
Nordre Grøtdalstind (1,325m) 09.08.2014
Grøthornet (1,083m) 09.08.2014
Hellefjellet (1,239m) 09.08.2014
Høgrestinden (1,238m) 09.08.2014
Kalvedalsegga (1,234m) 09.08.2014
Sandhornet (957m) 09.08.2014
Balansering på toppen av Nordre Blåtind.
Balansering på toppen av Nordre Blåtind.

Nok ein solrik morgon sommaren 2014, la vi ut på eit nytt travers-prosjekt. Vi skulle gå tinderekka som går sør for Standalseidet.
Vi tok av frå vegen til Standalseidet og parkerte ved Harpedalen. Først gjekk turen til Sandhornet, deretter over Grøthornet til Hellefjellet. Hittil var det veldig greit å gå, med store og breide toppar.

Vidare gjekk vi over egga til Kalvedalstinden. Her var vi litt usikker på kva som kunne møte oss vidare, så klatreselen kom på om det skulle bli behov for sikring. Men terrenget var greitt å gå med litt klyvring.

Frå Kalvedalstinden gjekk vi egga vidare til Blåtindane og klyvra først opp på Søre Blåtind før vi klyvra vidare til Nordre Blåtind. Det var grei klyvring til begge toppane, men der var mykje laus småstein og vi valde eit litt vanskeleg opptak heilt i starten mot Søre.

Etter Blåtindane gjekk vi egga mot Nordre Grøtdalstind og klyvra opp nordsida, som krevde full oppmerksomheit.

Vi klyvra ned igjen frå Nordre Grøtdalstind mot egga til Høgrestinden/Nøvedalstiden. Her var egga til dels særs luftig. Siste biten opp til Høgrestinden vurderte vi for luftig for å klyvre, og var usikkre på kva crux som kunne møte oss. Her vart det derfor ei taulengde, der det akkurat var nok med eit 30 meters tau. Ein luftig og flott topp som var utan varde, så her vart det litt steinlemping.

Ned frå Høgrestinden var det igrunnen bratt frå alle kantar, men det gjekk greit å klyvre litt ned sør-aust ryggen, før vi traverserte sida mot skaret nord for Høgrestinden. Her i frå gjekk vi ei bratt og steinete renne ned mot svaberga som endar i Koppvatnet. Vi traverserte sva'a i øvste del og runda rundt Koppvatnet og fylgde raudemerkinga frå vatnet ned longs elva. Då vi kom ned til bilen var det blitt skymt.

Frå bil til bil brukte vi omlag 13 timar. Flott veir med sol og varme heile dagen :)

Ei 30 meters taulengde opp til Høgrestinden/Nøvedalstiden.
Ei 30 meters taulengde opp til Høgrestinden/Nøvedalstiden.

https://instagram.com/sunbump/

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.