Rundtur: sørsida av Standalseidet (09.08.2014)

Written by StigPetter (Stig Petter Driveklepp)

Map
Ascents Nordre Blåtind (1,282m) 09.08.2014
Søre Blåtind (1,279m) 09.08.2014
Nordre Grøtdalstind (1,325m) 09.08.2014
Grøthornet (1,083m) 09.08.2014
Hellefjellet (1,239m) 09.08.2014
Høgrestinden (1,238m) 09.08.2014
Kalvedalsegga (1,234m) 09.08.2014
Sandhornet (957m) 09.08.2014

Langtur via mange topper. Tok av frå vegen til Standalseidet etter nokre hundre meter etter krysset i Follestaddalen og parkerte i enden. Først gjekk turen til Sandhornet, deretter over Grøthornet til Hellefjellet. Hittil veldig greit å gå.
Vidare over egga til Kalvedalstinden. Usikker på kva som kunne møte oss her, så klatreselen kom på om det skulle bli behov for sikring, men det var veldig greit å gå, litt klyvring.
Frå Kalvedalstinden gjekk vi egga vidare til Blåtindane og klyvra først opp på Søre Blåtind før vi klyvra vidare til Nordre Blåtind. Grei klyvring til begge, men der var mykje laus småstein og vi velte eit litt vanskeleg opptak heilt i starten mot Søre.
Etter Blåtindane gjekk vi egga mot Nordre Grøtdalstind og klyvra opp nordsida. Mykje klyvring som krever full oppmerksomheit.
Vi klyvra ned igjen frå Nordre Grøtdals mot egga til Høgrestinden/Nøvedalstiden. Her var egga til dels særs luftig. Siste biten opp til Høgrestinden vurderte vi for luftig for å klyvre, og var usikkre på kva crux som kunne møte oss. Her vart det derfor ei taulengde der det akkurat var nok med 30 meters tau. Ein luftig og flott topp, som var utan varde, så her vart det litt steinlemping. :-) Ned frå Høgrestinden er det eigentleg bratt i alle kantar, men det gjekk greit å klyvre litt ned sør-aust ryggen, før vi traverserte sida mot skaret nord for Høgrestinden og gjekk ei bratt og steinete renne ned mot svaberga som endar i Koppvatnet. Traverserte sva'a i øvste del og runda rundt Koppvatnet og fylgde raudemerkinga frå vatnet ned langs elva.
Frå bil til bil brukte vi 13 timar, flott veir med sol og varme heile dagen :-)

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.