Langtur i Eidefjella (09.08.2014)

Written by JPV100 (Jan Petter Vad) GSM

Duration 10h 34min
Distance 28.8km
Vertical meters 3,218m
GPS
Ascents Gongrøra (835m) 09.08.2014
Heklatindan (910m) 09.08.2014
Hjulnebba (797m) 09.08.2014
Kvannfjellet (981m) 09.08.2014
Luten (968m) 09.08.2014
Midtpiken (882m) 09.08.2014
Nebbhaugan øst (717m) 09.08.2014
Nonsfjellet (684m) 09.08.2014
Skardrøra (672m) 09.08.2014
Skredfjellet (821m) 09.08.2014
Småheian (643m) 09.08.2014
Snøtinden (1,027m) 09.08.2014
Steintufjellet (703m) 09.08.2014
Stortussen (1,026m) 09.08.2014
Stortussen øst (1,014m) 09.08.2014
Storvarden (874m) 09.08.2014
Surndalsheia (667m) 09.08.2014
Sørtussen (907m) 09.08.2014

Denne turen har eg tenkt på ei stund, og denne helga skulle det skje! Eg vakna til blå himmel kl.6.20, og då var det berre å kome seg raskast mulig ut. Eg fekk skyss til Syltesætra, og det var godt å vere i gang med turen. Etter 56 minutt stod eg på Kvannfjellet. Her vart det ei lita pause, medan eg vart underhaldt av ein nysgjerrig røyskatt.

Dagens første motbakke, på veg opp mot Kvannfjellet.
Dagens første motbakke, på veg opp mot Kvannfjellet.
Utsikt mot Elnesvågen sett frå Kvannfjellet.
Utsikt mot Elnesvågen sett frå Kvannfjellet.

Ned frå Kvannfjellet var det enkelt, og eg måtte ned til ca 500 moh før eg starta på bakkane opp mot Heklatindan og Luten. Lettgått her også. Etter 2 t og 31 min stod eg på Luten.

Utsikt mot Eide og Averøy sett frå Luten.
Utsikt mot Eide og Averøy sett frå Luten.
Toppryggen på Luten.
Toppryggen på Luten.
Tilbakeblikk mot Luten og Heklatindan.
Tilbakeblikk mot Luten og Heklatindan.

Ned frå Luten er det ein graskledd og bratt bakke, men fint å gå. Eg såg sauer nedi bratta, og sidan dei kunne ferdast der so rekna eg med at eg sjølv også klarte det...
Vidare over to småtopper før ein bratt bakke opp mot Sørtussen. Ankom toppen etter 4 t og 36 min. Flott stup på nordvestsida av denne, og det var flott utsikt.

Sørtussen med Eide i bakgrunnen.
Sørtussen med Eide i bakgrunnen.
Stortussen med Snøtind rett bak sett frå Sørtussen.
Stortussen med Snøtind rett bak sett frå Sørtussen.

Enkelt, men ganske myrete ned frå Sørtussen mot bandet mellom Tussvatnet og Fagerdalsvatnet. Tok ei god drikkepause her før eg tok fatt på ei tung økt opp mot Stortussen. Ein del kratt og lyng oppover i starten, og det tæra på kreftene. Fulgte ein graskledd rygg nesten heilt til topps. På toppen såg eg rett bort på Snøtind, det høgste punktet på turen. Oppe på Snøtind etter 6 t og 20 min, og der vart eg møtt av samboer Marianne, og ho hadde med seg diverse godsaker i sekken. På veg opp hadde ho tilfeldigvis møtt på slektninger og det vart ei lang og hyggeleg pause. Og den gjorde godt...

Tilbakeblikk. Stortussen rett i mot. Kvannfjellet er bakerste toppen rett til venstre for midten.
Tilbakeblikk. Stortussen rett i mot. Kvannfjellet er bakerste toppen rett til venstre for midten.
Titter ned mot Eide.
Titter ned mot Eide.
Vegen vidare frå Snøtind. Skredfjellet ligg til høgre for midten, og eg endte turen nede i bygda til venstre. Harstadfjellet bakerst.
Vegen vidare frå Snøtind. Skredfjellet ligg til høgre for midten, og eg endte turen nede i bygda til venstre. Harstadfjellet bakerst.

I utgangspunktet hadde eg tenkt å avslutte turen med ein tur på Harstadfjellet, men kroppen hadde ikkje lyst til det i dag. Kjente antydninger til krampe i både legger og lår, og da var det like greit å spare den toppen til seinere i haust :)

Panoramabilde av heile turen sett frå Nåsvatnet. Kvannfjellet til høgre, og Skredfjellet bak Seterfjellet til venstre.
Panoramabilde av heile turen sett frå Nåsvatnet. Kvannfjellet til høgre, og Skredfjellet bak Seterfjellet til venstre.

User comments

  • -
    avatar

    Bra prosjekt!

    Written by boven 09.08.2014 19:49

    Kvar du starta og enda? Fræneidet til Herskedalen? kor lang tid tok dette prosjektet, lengde, høgdemeter? det kan eg forsovidt finne ut sjølv sånn ca om du ikkje gjekk med gps. meget interessant.

    • -
      avatar

      Sv: Bra prosjekt!

      Written by JPV100 09.08.2014 20:08

      Starta på Fræneidet, dvs Syltesætra. Hadde tenkt å ta med Harstadfjellet også, men den får stå igjen til seinare i haust. Skal legge ut meir utfyllande rapport med bilder og gps i morgon.

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Bra prosjekt!

        Written by Olepetter 09.08.2014 20:11
        • +
          avatar

          Sv: Sv: Sv: Bra prosjekt!

          Written by JPV100 09.08.2014 20:15
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.