Raudbergsnuten og Fossektraversen (08.08.2014)

Written by JonnyA (Jonny Asperheim) GSM

Characteristic Hillwalk
Distance 11.3km
Vertical meters 798m
GPS
Ascents Fosseken (1,735m) 08.08.2014
Nordvest for Fosseken (1,689m) 08.08.2014
Fosseken sørøst (1,694m) 08.08.2014
Raudbergsnuten (1,806m) 08.08.2014

Raudbergsnuten, like mektig og flott frå alle kantar.

Raudbergsnuten er eit fjell som har stått på besøkslista i fleire år. No var tida inne til å ta turen. Utgangspunktet for turen var Sluten på Filefjell. Anleggsvegen opp Valdresdalen kan ein gå, sykla eller om ein er heldig få haik med nokon som har lov å køyra bil her.
Alternativt kan ein gå Slutedalen.

Sjølve toppturen for Jon Einemo og meg starta ved utløpsenden av Nedre Vikadalsvatnet. Me tok opp dalføret rett nordover mot høgde 1572, runda denne på austsida og dreia til nordvest via ein liten dalbotn. Deretter rett mot søkket like under toppen. Her var ei naturleg renne med raudt fjell i kanten av brefonna der det var fint å koma opp.

Tåkeskyer som dreiv litt, hindra den store utsikten, men det var likevel flott endeleg å koma opp på denne toppen. Etter ein matbit ved varden i aldeles vindstilla, gjekk me alle høgdene bortover ”Fossek-traversen.” (1688, 1734 og 1693).
Vel ferdig med høgdepunkta, runda me ned att dalføret aust for 1734 og fylgde austsida av bekken heilt ned att til anleggsvegen.
Raudbergsnuten og "Fossek-traversen"

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.