Travers over Viromkjerringa (13.07.2014)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Map
Ascents Bollknubben (949m) 13.07.2014
Børsetkjerringa (1,009m) 13.07.2014
Viromkjerringa SØ3 (1,333m) 13.07.2014
Viromkjerringa (1,374m) 13.07.2014

Fra Dalen parkering sykla eg ned Viromdalen og satte sykkelen fra meg ved innkjørselen til Virom (og henta den dagen etter). Herfra gjekk eg gjennom gardstunet på Virom og traff på bonden. Eg spurte han om stien opp Viromlia og han viste meg kor den byrja. Stien var godt merka med raud maling på trærne, men den var ikkje så tydelig i terrenget.
Oppe ved Litlråkvatnet tok eg ein avstikker til Børsetkjerringa og runda den på kanten i vestsida der det er veldig god utsikt utover. Ved trigpunktet her er det vardebok og tydeligvis sti opp frå Børset. I sørsida av dette fjellet er det ei rasrenne som går heilt ned til Viromdalen. Raset skal visstnok ha gått for 11 år sidan etter kraftig nedbør.
Gjekk ned til Litlråkvatnet igjen og runda det på nordsida og gjekk opp nordvestryggen til Viromkjerringa. Hadde lang pause på toppen der eg nøyt den flotte utsikten. Mykkje klarare luft denn dagen enn dei to føregåande dagane. Så denne dagen var utsikten veldig god. Kunne bl.a sjå toppartiet på Store Vengjetinden i Romsdalen.
Videre austover var det litt småklyving over eggen til 1333-toppen. I søraustsida går det bratt ned det øverste partiet og også her litt klyving. Passerte ei myr over Veltet og var oppom Bollknubben før eg gjekk ned i Tørrfinnlia. Prøvde å finne Nerdalssetra i skogen for å kome inn på vegen ned til Dalen, men tett skog gjorde at eg ikkje fant fram. Kom meg likevel greit ned til hovedvegen og gjekk opp det siste stykket til Dalen parkering.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.