Skjerdingen og Snøfjellet (12.07.2014)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Map
Ascents Skjerdingen (1,519m) 12.07.2014
Skjerdingfjellet (1,465m) 12.07.2014
Snøfjellet NV1 (1,330m) 12.07.2014
Snøfjellet (1,579m) 12.07.2014

Fra Innerdalen fulgte eg T-merka sti nordover mot Kårvatn opp til Bjøråskaret. Dagen begynte veldig fint vermessig men ved middagstider trakk det opp mørke skyer frå søraust og eg var ikkje komen langt opp fjellsida før eg haurte rumlinga i det fjerne. Forstod kva veg dette bar så eg tok det bare med ro og såg meg ut ein plass eg kunne vente mens uveret raste i frå seg. På drøyt 900 moh såg eg ein bergknaus med utoverheng litt aust for stien som formodentlig kunne verne meg mot regnet. Herfa var det orkesterplass mot Innerdalstårent og Tåga der uveret kom før det passerte Innerdalen. Tenkte på at nå er det nok mange folk på veg opp til Tårnet som fant det mest bekvemmelig å koma seg ned fortast mulig. Mange lyn såg ut til å slå ned i området bak Tårnet og Tåga, og det gjekk ein kraftig regnskur på sørsida av Innerdalen. Plutselig smalt det rett i nærleiken av meg og, og såg at det skvatt grastuer i lufta som frå ein eksplosjon rundt 2-300 m vest for meg. Et par damer på stien ned mot Innerdalen vart nok meir skremt enn meg og la seg rett ned på bakken ved ein stor stein ca 50 m frå meg. Der låg dei ca et kvarter før dei gjekk videre nedover igjen. Det var lett regnver i 1,5 t før det letta igjen. Eg gjekk då bort der lynet slo ned og det var eit litt kaotisk område på ei myr ved ein bekk. Det låg mose- og grastuer spreidd rundt og det var 10-15 cm breide og djupe kanaler langs bakken i eit 20-30 m stort område.
Etter kvart kom sola periodevis tilbake igjen og eg kunne fortsette opp til Bjøråskaret og ta fatt på sørvestryggen opp til Skjerdingen. Det var nå torden og regn nordaustover i området rundt Snota, men det såg ikkje ut til å kome mot meg. Gjekk så den sagtaggete og tidkrevjande eggen nordover til Skjerdingfjellet og så på skrå nedover på vestsida tilbake til Bjøråskaret. Herfra tok eg fatt på austryggen til Snøfjellet. Ein bratt vegg et stykke oppe kunne enkelt omgås i sørsida. Fra toppen fulgte eg eggen videre nordvestover til 1330-toppen. Fleire punkter med klyving her. Så gjekk eg på skrå sørvestover og kom inn på stien fra Snekkardalen og ned igjen til Innerdalen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.