Tåga og Innerdalstårnet (11.07.2014)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Map
Ascents Innerdalstårnet (1,452m) 11.07.2014
Såtbakkollen (1,632m) 11.07.2014
Såtbakkollen sør (1,617m) 11.07.2014
Tåga (1,840m) 11.07.2014
Tåga S1 (1,775m) 11.07.2014
Tåga S2 (1,688m) 11.07.2014
Tårnfjellet (1,523m) 11.07.2014
Tårnfjellet S1 (1,500m) 11.07.2014

Fra Innerdalen gjekk eg opp stien til Storvatnet. Mange folk på tur denne varme sommardagen og som venta skulle alle andre opp mot Innerdalstårnet, mens eg fortsatte vidare sørover til Langvatnet. Herfra gjekk eg på skrå oppover mot Såtbakkkollen (som det står på nye kart). Derfra videre nordover gjennom eit skar med enkel klyving og så videre over 1774-punktet til Tåga (som før heitte Såtbakkollen). Voldsomme stup mot nord og aust så det passer ikkje å kalle denne toppen for ein kolle. Veldig disig luft så utsikten var så som så, men lett å sjå Snota og fekk og auge på Snøhetta på Dovre.
Etter ein lengre pause gjekk eg eggen vidare vest og nordover. Eit bratt parti på eggen måtte eg omgå i vestsida. Enkel klyving det øverste partiet på sørsida av Tårnfjellet. Stort platå her oppe som eg gjekk over før bratt nedstigning over mosegrode steiner ned til skaret mot Innerdalstårnet. Så var det igjen enkel klyving opp til Innerdalstårnet. Traff på ein mann med to jentunger her som for sikkerhets skuld valgte å gå ned uten å ha vore på toppen. Det er noko utsatte svapartier halvegs opp fra skaret. Oppe på toppryggen traff eg på to unge karer som hadde klatra opp vestveggen. Vardeboka på toppen vitner om at dette er ein særs populær topp sommarstid. På veg ned traff eg på nok eit par som var på veg opp. Uvant for meg å treffe folk på veg opp når eg er på veg ned. Ganske bratte grusrenner ned til Storvatnet, men tydeligvis farbart for vanlige folk. Var nede i Innerdalen igjen etter snaut 12t.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.