Rauma: Skarven (27.07.2014)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Parkering Skorgedalen (320m)
Endpoint Parkering Skorgedalen (320m)
Characteristic Hillwalk
Duration 3h 06min
Distance 8.1km
Vertical meters 770m
Map
Ascents Skarven (1,048m) 27.07.2014
Matpause på Skarven. Toppane bak, Kvasstinden og Smørbottfjellet besøkte vi dagen før.
Matpause på Skarven. Toppane bak, Kvasstinden og Smørbottfjellet besøkte vi dagen før.

Siste økt i Skorgedalen. Skarven var prosjektet, før vi skulle kjøyre vidare mot Tingvoll. Kjempeflott ver desse dagane, med unntak av ei byge då vi gjekk mot Kvasstinden og Smørbottfjellet Rauma: Smørbottfjellet, Kvasstinden og Breivikheia Vi hadde fått forskjellige tips med folk vi snakka med. Vi valgte å følgje merka sti til Løytnantstølen. Dette vart nok ein omvei men ikkje allverden å snakke om. Frå denne stølen gjekk vi norvestover mot Søre Skarven som vi nok ikkje var oppom. Registrerer ikkje slikt, men vi var veldig nær :-) Veldig lett og fint å gå her. Fulgte så ryggen enkelt på sti til Skarven 1048. Lang matpause og matingspause på toppen i perfekt ver. Retur la vi meir rett nedover mot myra nord for kolle 588. Vidare austover sør for den vesle bekken som renn nedover mot hyttene i sørenden av Selsetervatnet. Her var det ganske god sti, lett å følgje! Dersom ein vil gå den kortaste ruta til Skarven trur eg å finne denne stien er det beste.

Med på turen var Lise ligroenb (Lise Grønbukt) og Vinjar Vinjar

Etter dette tok vi oss ein skikkeleg bobilturistrunde Eresfjorden, Eidsvåg, Sunndalsøra, Tingvoll og heilt ut til Kanestraum der vi skulle ha base med kjentfolk nokre dagar.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.