Søre Austanbotntinden (24.07.2014)

Written by SÅH (Sven-Åge Hauge) GSM

Map
Ascents Austanbotntinden S2 (2,042m) 24.07.2014
Store Austanbotntinden (2,204m) 24.07.2014
Søre Austanbotntinden (2,103m) 24.07.2014
Austanbotntinden V0 (2,175m) 24.07.2014
Vestraste Austanbotntinden (2,020m) 24.07.2014
Vestre Austanbotntinden (2,100m) 24.07.2014
Visits of other PBEs Austanbottpinakkelen (2,005m) 24.07.2014

Austanbotntraversen i lag med Jørn. Parkerte ved bommen og gjekk fra bilen kl 0745. Når me kom til pinakkelen såg me at det var 4 personer før oss. Det vart litt venting da me nærma oss foten av Store Austanbotntinden. Planen var å klatre opp eggen til V0, men da det var 2 taulag foran oss og da det vart noko venting skrådde me oppover til høgre ca 50m. Herfra kunne me enket gått usikra opp i skaret men for å få litt klatring tok me ein taulengde direkte opp mot V0. Greit videre til Store. Mykje folk på vei opp og ned. Været hadde vert nydelig på heile turen men no tetna det til i aust og det begynte med lyn og torden. Me gjekk eit stykke nedover og tok ein matbit før me fortsatte. På returen vart me ståande å vente på 2 personer som gjorde seg klare til å kjøre på ski ned renna mot Berdalsbreen. Hadde ikkje forventa å treffe folk med ski i dag. Fekk litt lett regn før me var tilbake til bilen men dei kraftige bygene nådde oss ikkje og det var ikkje verre enn at me gjekk i t-shorte heile veien. Brukte 9 timer på turen. På hytta hadde det vert torden med kraftig regnskyll.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.