Skardstinden m. fleire (23.07.2014)

Written by JonnyA (Jonny Asperheim) GSM

Start point Geitsetri (941m)
Endpoint Geitsetri (1,025m)
Distance 14.5km
Vertical meters 1,539m
GPS
Ascents Dumhøe (2,181m) 23.07.2014
Dumhøe SV1 (2,060m) 23.07.2014
Dumhøe SV2 (1,945m) 23.07.2014
Søre Dumhøe (2,174m) 23.07.2014
Skardstinden (2,373m) 23.07.2014
Vestre Skardstinden (2,221m) 23.07.2014
Siste kneika opp til toppen
Siste kneika opp til toppen

Denne dagen var det Skardstinden som stod på timeplanen. MortenA og eg fekk med oss div. Dumhøepunkt og sjølvsagt Vesttoppen i tillegg til hovudtoppen.

Reiste frå Årdal kl 06.10. og starta å gå frå Geitsetri kl. 08:15. Var på toppen kl. 16.00 etter ein del vurderingar og ruteval.
Me rigga standplass for å klatra hammar nr 1, men fann ut at det tok for lang tid. Beslutta difor å gå "klyveruta". Kom oss greit til toppen men det vart diverre for seint på dagen til å gå på Nåla.

Me kunne sjå mykje folk på Galdhøpiggen og rett over på Storgrovhø var det òg folk å sjå. Men på Skardstinden var me åleine denne dagen.

Fekk ei durabla regnbye siste halvtimen før me kom nedatt til bilen. Klokka var då 21.30. Mykje folk over Sognefjellet og enormt mykje telt, både ved Krossbu og ved høgaste punktet på Tindevegen mot Årdal.

Stoppa på Sognefjellshytta og kjøpte brus. Der var det full ombygging i ein heilt spesiell stil. Var heimatt i Seimsdalen nokre minuttar før kl 24.

Skardstind

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.