Rundtur Tverrådalskyrkja og Tundradadalskyrkja i Breheimen (19.07.2014)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Sota Sæter (750m)
Endpoint Sota Sæter (750m)
Characteristic Hillwalk
Duration 10h 24min
Distance 32.2km
Vertical meters 2,360m
Map
Ascents Steinkollen (2,018m) 19.07.2014
Tundradalskyrkja (1,970m) 19.07.2014
Tundradalskyrkja Sørtoppen (1,876m) 19.07.2014
Tverrådalskyrkja (2,088m) 19.07.2014
Søre Tverrådalskyrkja (2,034m) 19.07.2014
Visits of other PBEs Sota Sæter (743m) 19.07.2014

Start frå idylliske Sota Sæter og eit kjempetriveleg vertskap frå Jorunn Svingen og mannen :) Nydeleg sommarver og 25 varmegrader allereie kl 10.00 Fint då å komme seg opp på høge toppar for litt nedkjøling...Litt seint i gang frå Sota Sæter kl 11.30 men så utruleg fint å nyte laang frukost med mange koppar kokemalt kaffe ved teltet :) Fulgte ein godt T-merka sti opp Steindalen og følgde fint brekanten oppe med Fortundalsbreen (ikkje behov for stegjern no) og vidare opp ein lettgått rygg til Tverrådalskyrkja 2088 moh Mange på tur til denne toppen idag også barnefamiliar. Fortsatte vidare ryggen til ende og plukka med Søre Tverrådalskyrkja 2034 moh og Steinkollen 2020 moh. For å komme rundt mot Tundradalskyrkja følgde vi brekanten og rygg ned mot Botnen og kryssa elveutløpet til bretunga. Kryssa litt opp og ned her for å finne ein fin overgang og over etterkvart litt tynne snøbruer. Gjekk fint og uten ufrivillig elvebading :) Ein god matstopp vart det her i solvarmen før turen gjekk vidare opp mot Søre Tundradalskyrkja og rygg vidare mot hovudtoppen. Ein nydeleg topp er Tundradalskyrkja med fint syn tilbake mot Tverrådalskyrkja og eit flott breområde. Eg brukar å sjekke GPS og oppdaga til stor fortviling at den ikkje var i sekken min lengre... Hugsar tilbake at eg sjekka referansen 1876 Søre Tundradalskyrkja. Håper og trur den ligg på varden der ein stad... Vona er at nokon finn ein GPS 60CSx :) Fint å gå ryggen ned frå Tundradalskyrkja 1970 moh og ned mot Steindalen att. Noko som seier meg at den bærer navnet sitt med rette :) Ein Superflott rundtur i vilt og flott område, ikkje anna å seie :) :)

Nydeleg blomstring i Steindalen på veg mot Tverrådalskyrkja
Nydeleg blomstring i Steindalen på veg mot Tverrådalskyrkja
Frå Tverrådalskyrkja mot Tundradalskyrkja  Vindstille og solvarme toppar denne dagen :)
Frå Tverrådalskyrkja mot Tundradalskyrkja Vindstille og solvarme toppar denne dagen :)
Frå Tverrådalskyrkja mot Rivenoskulen 1943 moh neste dags flotte turmål
Frå Tverrådalskyrkja mot Rivenoskulen 1943 moh neste dags flotte turmål
Frå Steinkollen 2020 moh mot Tverrådalskyrkja
Frå Steinkollen 2020 moh mot Tverrådalskyrkja
Rundtur frå Tverrådalskyrkja og ned mot Botnen og til venstre i bildet ryggen opp mot Tundradalskyrkja
Rundtur frå Tverrådalskyrkja og ned mot Botnen og til venstre i bildet ryggen opp mot Tundradalskyrkja
Ein sommarfugl la sin elsk på dei sure skoa mine...!! som hadde eit stort behov for tørke og lufting i sola, ved matstopp før Tundradalskyrkja :)

Frå Søre Tundradalskyrkja mot Tundradalskyrkja
Frå Søre Tundradalskyrkja mot Tundradalskyrkja
Frå Tundradalskyrkja mot Tverrådalskyrkja og Steinkollen 2020 moh ( tre 2000 moh toppar)
Frå Tundradalskyrkja mot Tverrådalskyrkja og Steinkollen 2020 moh ( tre 2000 moh toppar)

Turfølge Johan

User comments

  • -
    avatar

    Fint tur!

    Written by JPV100 23.07.2014 11:11

    Ser ut som de hadde ein flott tur! :) Eg har tenkt litt på å gå same runden i løpet av sommaren. Har breen smelta slik at ein slepp å gå innom Fortundalsbreen før ein startar opp mot egga? Og korleis er det å krysse breelva i botnen når siste snøbruene har smelta trur du?

    • -
      avatar

      Sv: Fint tur!

      Written by Eikås 24.07.2014 21:51

      Hei :) Ja, det vart ein super rund tur, absolutt å anbefale den ruta :) Ingen problem med breen, fin snø å følge kanten. Pga av varmen trur eg nok smeltinga frå breen var litt ekstra, men det gjekk fint, berre å gje seg litt tid :) Om du tek rundturen må du kike etter GPS min :) Den ligg nok ein plass mellom Søre Tundradalskyrkja og Hoved toppen. Det hadde vore stas om ein kvann fant den :) God Tur Sommer :)

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Fint tur!

        Written by JPV100 25.07.2014 12:53
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.