Utslått forsøk på Navajo Peak, og litt om Boulder (21.07.2014)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 6h 00min
Map
Ascents Navajo Peak (4,087m) 21.07.2014 not summited

Utslått forsøk på Navajo Peak
Dette skulle vere vår siste aktivitetsdag på Colorado-ferien, og turen skulle gå til Navajo Peak. Den er ikkje av dei høgaste Indian Peaks, men absolutt ein av dei penaste.

Vi skulle tidlig plukka opp dei dårlige omena: i går var det berre rot og tull i klatreveggen. I dag, på veg til trailheaden, var vi nære ved å køyre på ein hjortekalv. Den hadde englevakt.

Dårlige omen
Dårlige omen
For ein fin topp. Dette blir BARNESKIRENN!
For ein fin topp. Dette blir BARNESKIRENN!
Alpine saker, og rimelig stor kontrast til prærien i det fjerne.
Alpine saker, og rimelig stor kontrast til prærien i det fjerne.

Men dette lot oss ikkje stoppe, og vi var på trailheaden kl. 06. Optimistiske la vi i veg på den noko langtekkelige anmarsjen, medan vi plystra høgt for å skremme vekk eventuelle bjørnar og fjelløver som visst nok skal vere i området. Men, beina var tunge denne dagen. Og Kona snubla og svima meir og meir opp etter snøfelta. Mitt eige toppinstinkt, som vanligvis er sterkt og vitalt, var slunkent og svakt. Når vi stod på innsteget til Airplane Gully og såg 400 høgdemeter med ur og klyving opp til toppen måtte sjefsavgjersdla takast. Colorado hadde tatt rotta på oss. Den hadde slete oss ut, rett og slett. Det vart ikkje noko Navajo Peak i dag.

Det var jo voldsomt så langt det skulle være opp til denne toppen. Vi gikk fram dit bratta byrja.
Det var jo voldsomt så langt det skulle være opp til denne toppen. Vi gikk fram dit bratta byrja.

Vi vende snuten tilbake mot sivilisasjonen, og naut våre siste timar i Rocky Mountains si alpine sone, med utsikt over den paddeflate prærien i aust. No stod det berre att to dagar på Kåbbåy-festival i Cheyenne, før vi hoppar på flyet til Boston.

Adjø alpinisme, hallo elg.
Adjø alpinisme, hallo elg.

Boulder: den komplette fjellsportbyen?
Oppsummert så har to veker i Boulder og Colorado vore heilt fantastisk. Boulder er ein god kandidat til å vere den komplette fjell-by. Her er det fantastiske fjellturar, klatreruter (trad, buldring, alpint) etc etc både sommar og vinter innan rimelig avstand. Været er rimelig likt kvar dag: sol på formiddagen, og tordenbyger på ettermiddagen. Så då er det berre å kome seg ut av senga og dure på tidlig på dag, og nyte Boulder si avslappa stemning og gode resturantar på ettermiddagen. Til alt overmål så er det enkelt å finne lokale folk å klatre med. Eg posta ein forespørsel om klatreselskap på mountainproject.com, og fikk så mange svar at eg ikkje klarte å følge opp alle. Det gav meg ein nydelig dag i Eldorado Canyon, og ein uforgløymelig tur på Long's Peak.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.