Norddal: Vardeggja, pf 100m komplett! (21.07.2014)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Skuset (430m)
Endpoint Skuset (430m)
Characteristic Hillwalk
Vertical meters 1,200m
Map
Ascents Nonshaugen (1,180m) 21.07.2014
Vardeggja (1,446m) 21.07.2014

Siste topp i Norddal kommune, pf 100 meter!

Hadde nettopp avslutta tur til Dyrdalen. Norddal: Storvasshornet og Mellomskorene Kom til Skuset i Eidsdal og parkerte ved Eidsdal Auto. Utruleg nok såg det ut som det var kiosk her så gjekk inn og handla ei brus og ein is. Innehavaren var ikkje av den mest pratsomme sorten. Droppa halvgrove morsomheter og gjekk og pakka sekken.

Ruta frå Skuset er omtala i Opptur-boka, men den er ikkje godt merka. Gjekk rett fram mellom husa og gjennom ei stor metallgrind. Tok til venstre og fulgte skogsvei nokre hundre meter. Ein sti tok av, vanskeleg å sjå. På retur stabla eg nokre steinar der den startar.Fulgte svak sti eit stykke før den svinga av rett oppover langs ein rygg. Etterkvart tydelegare og litt raudmåling dukka og opp. Denne stien endar nok i Sleddalen. Eg tok ein avstikkar bratt opp til Nonshaugen, den ligg i Sunnmøre 50m-lista. Frå Sleddalen tok eg det veldig roleg oppover ura. Tok eit par pausar med drikke og mat. Orka ikkje presse meir no, siste dagane hadde vore dryge. Stort å få fullføre denne lista, i det som for meg er Sunnmøre si flottaste turkommune. Enorme områder, lite besøkte toppar, lange avstandar og lite folk. Sjølvsagt møter ein mange folk i rutenettet knytta til DNT-hytter, men utanom desse er det få. Berre 3 hadde skrive seg i Eidsdal idrottslag si trimbok "Sommar" før meg.

På heimveg til Nordfjord kjøyrde eg Geiranger-Strynefjellet-Stryn. For eit yrande folkeliv alle plassar! Folk kosa seg ved fjorden og i fjellet, i telt og utanfor campingvogn og bobilar. Ein fantastisk sommar!

Smogehornet. Heimsteskorene, Mellomskorene og Fremsteskorene på andre sida av Eidsdalen.
Smogehornet. Heimsteskorene, Mellomskorene og Fremsteskorene på andre sida av Eidsdalen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.