Store Smørskredtinden den Venaste Toppen! (13.07.2014)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 9h 00min
Distance 11.4km
Vertical meters 1,960m
Map
Ascents Nordre Smørskredtinden (1,608m) 13.07.2014
Store Smørskredtinden (1,630m) 13.07.2014
Store Smørskredtinden nordtoppen (1,622m) 13.07.2014

Å vakne opp morgen etter morgen med blå himmel og ein utruleg fin temperatur, nesten so det er for varmt å gå i dei bratte oppstigningane i dette området... men belønninga over tregrensa er stor og vel verdt litt høg puls! Det har nesten vore tropenetter mange ganger og stabilt ver i lange tider. Litt uvant kost, men blir teke imot med stor takk :) Eg får ein aldri så liten flash back tilbake til fjell livet på Aconcagua og det stabile klimaet der. Samme følelse med tørt fjell, stein og sand grunn, den hærlege varme jordlufta å snuse inn :) Ekstra bonus her, dei grøderike fjellsidene, kvite toppar, breer, dramatiske taggete trolltindar og dei flotte fjordane som kontrastar. Arnt har heilt rett, når han fortel om desse områda :) Det må være det flottaste fjellområdet Norge har. Jotunheimen er flott men på ein heilt anna måte. Lufta har klarna litt etter gårsdagens sommer tordenver. Som virkeleg gav lyd ifrå seg på sein ettermiddag dagen før og på veg ned att, etter ein rundtur på Jakta og Risnosa. Dagen har flotte meldingar og det er varmt så det lover supert for Store Smørskredtindane. Der er ulike oppgangar til dette fjellet og står godt beskrevet i boka Fotturar på Sunnmøre. Den finaste oppgangen er nok frå Søraust og Langfonndalen med sti frå Norangsdalen. To andre ruter er og beskrevet i boka med utgangspunkt frå Patchellhytta, enten via snørenna eller Vestegga som er ei litt meir utsatt rute opp. Beskivelsen av ruta som vart valgt opp, var fin å lese i Otto sin tur rapport. Startpunkt ved eit jorde over brua, nær bommen aust for Skylstad. Om ein går rett over jordet treff ein på stien på vestsida av elveryggen oppover Langefonndalen. Ruta vidare oppe i fjellet er varda og grei å finne fram til. Litt lause steinar i oppgangen var der, og greit å være litt obs på ved fleire ilag. Med den fantastiske fjell utsikta og med det strålande veret, så er det den flottaste toppen eg har vore på :) Vel verdt tropeskog varmen nede i lia, klegg og mange gnagsår frå dei nye Salewa fjellskoa... Som har noko så utruleg som gnagsår garanti.. og pengane tilbake :) Vidare mot Nordtoppen gjekk fint over moreneryggen ved breen under toppane, runda langs med og bort til grusrenna opp mot ryggen til Nordre. Fin rygg å gå opp, og ein ekstra fin bonus topp å nå. Såg etter den fine monsterbreen som Otto hadde bilde av i sin rapport, men lite å sjå. Det er nok smelta vekk mykje sidan 2008. Følgde elva frå breen og ryggen rett ned og inn på stien att som vart følgt opp.

Morgenstund og nykokt kaffe ved Øye
Morgenstund og nykokt kaffe ved Øye
Frå renna opp mot Store Smørskredtind mot Skruven til venstre og Norangsdalen
Frå renna opp mot Store Smørskredtind mot Skruven til venstre og Norangsdalen
Morenerygg ved foten og oppgangen til Store Smørskredtinden. Fin å gå på og runde mot Nordtoppen
Morenerygg ved foten og oppgangen til Store Smørskredtinden. Fin å gå på og runde mot Nordtoppen
Frå Store Smørskredtinden mot Slogen og Brekketindane, ikkje vanskeleg å sjå tråkket frå Patchellhytta mot populære Slogen
Frå Store Smørskredtinden mot Slogen og Brekketindane, ikkje vanskeleg å sjå tråkket frå Patchellhytta mot populære Slogen
Opp mot Store Smørskredtind frå Langfonndalen
Opp mot Store Smørskredtind frå Langfonndalen
Den flottaste utsikt
Den flottaste utsikt
Frå oppgangen til Store Smørskredtind, eit par småfonner att
Frå oppgangen til Store Smørskredtind, eit par småfonner att
Frå Nordtoppen 1620 moh mot Store Smørskredtind1631 moh
Frå Nordtoppen 1620 moh mot Store Smørskredtind1631 moh
Frå Store Smørskredtinden 1631 moh mot Slogen og Brekketindane
Frå Store Smørskredtinden 1631 moh mot Slogen og Brekketindane
Frå Nordtoppen 1620 moh mot Brekketindane og Habostaddalen
Frå Nordtoppen 1620 moh mot Brekketindane og Habostaddalen

Takk for fin turdag Johan

User comments

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by janyga 17.07.2014 08:38

    Flott skrevet om en av Sunnmøres og Norges mest majestetiske topper. Gikk turen fra Patchell-hytta for ganske nøyaktig 20 år siden, og er overbegeistret for Smørskredtindene!

    • -
      avatar

      Sv:

      Written by Eikås 22.07.2014 00:03

      Takk for det :) Kva for ei rute gjekk du derifrå ? Smørskredtinden er absolutt verdt å gå om att, men kanskje velge ei av dei andre rutene då :)

      • +
        avatar

        Sv: Sv:

        Written by janyga 22.07.2014 12:33
        • +
          avatar

          Sv: Sv: Sv:

          Written by Eikås 27.07.2014 22:00
  • -
    avatar

    Sunnmøre

    Written by arntfla 17.07.2014 08:08

    Godt å se at du kommer på raid nå og da ;) Håper vi kan få til en tur sammen igjen snart!

    Fortsatt god sommer!

    • -
      avatar

      Sv: Sunnmøre

      Written by Eikås 21.07.2014 23:56

      Ja :) Det skal jammen bli mange turar oppover og fellestur med lokal kjennar blir bra :) Du får komponere ein flott rundtur ;):) No blir det litt Jotunheim toppar framover! fint å kunne variere litt :) Snakkast

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.