Ettermiddagstur på Hornindalsrokken (11.07.2014)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point P-Honndalssetra (416m)
Endpoint P-Honndalssetra (416m)
Characteristic Hike
Duration 3h 30min
Distance 13.5km
Vertical meters 1,100m
Map
Ascents Hornindalsrokken (1,527m) 11.07.2014

Reiste rett frå jobb i eit strålande og i tidenes sommarver :) Arbeidsdagen kunne ikkje bli fort nok ferdig idag!! Hadde bestemt meg for å rekke mykje denne ettermiddagen og helga var tenkt til nokre av dei finaste kremtoppar rundt Øye i Norangsdalen. Hornindalsrokken hadde eg tenkt som ein fin ettermiddag/kveldstur undervegs til Øye. Bestemte meg for å køyre om Norfjordeid også ta turen oppom Lotsberg Gjengen:) Ei stund sia tur og kaffiprat, men der fekk eg som svar at dei atter var på farta på Møre ein plass!!... :):) Turen fortsatte ved Hornindalsvatnet. Køyrde vidare rv 60 mellom Grodås og Hellesylt. Tok av like ved Muldsvor og mot Honndalssetra. Godt skilta tur til Hornindalsrokken frå rv 60 med bomveg 1,5 km 30 kr Fin innegjerda parkering på høgre side 100 m før setra. Følgde vidare anleggsvegen innover Sæterdalen, godt merka heile vegen og fin skilting mot sti til Blåvatnet og Hornindalsrokken. Mykje folk på tur denne dagen, nokre utenlanske også som hadde telta ved Tyssevatnet. Toppen hadde eg for meg sjølv, ein halvtime med mat, foto og nyte fjellskua rundt. Svarte stille og varmt, kunne ikkje fått ein betre turopplevelse på denne majesteten av eit fjell:) På veg ned fekk eg eit fornøyeleg syn av ei rypemor og ungane. Heldige vart nok også dei to veninnene som var på veg oppover mot toppen på kveldinga, å kunne få med ein nydeleg solnedgang. Fin joggetur ut att dalen til bil og vidare mot Øye.

Sæterdalen
Sæterdalen
Merkinga mot Hornindalsrokken noke slitt! Lidafjellet 1374 ibakgrunn
Merkinga mot Hornindalsrokken noke slitt! Lidafjellet 1374 ibakgrunn
Nydeleg skue over Tyssevatnet og vidare sju Blåner!
Nydeleg skue over Tyssevatnet og vidare sju Blåner!
Frå Hornindalsrokken mot Slogen, Brekketindane og Smørskredtindane osv :) Neste dagers turområde..
Frå Hornindalsrokken mot Slogen, Brekketindane og Smørskredtindane osv :) Neste dagers turområde..
Hornindalsrokken 1526 moh
Hornindalsrokken 1526 moh
Søtt eit nøste og så vidt flygeklar! 5 søsken like ved :)
Søtt eit nøste og så vidt flygeklar! 5 søsken like ved :)
Etter tur på Hornindalsrokken vart det vidare ei utruleg flott kvelds stemning å køyre gjennom Norangsdalen. Veret lova også utruleg bra for dei neste dagars turar i området
Etter tur på Hornindalsrokken vart det vidare ei utruleg flott kvelds stemning å køyre gjennom Norangsdalen. Veret lova også utruleg bra for dei neste dagars turar i området

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.