Rauma/Nesset: Sandgrovbotnen/Mardalsbotnen dag 5 (13.07.2014)

Skrevet av boven (Ove Lotsberg)

Startsted Bom Grøttabotnen (990moh)
Sluttsted Bom Grøttabotnen (990moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 6t 27min
Distanse 21,0km
Høydemeter 1700m
Kart
Bestigninger Bjørnabotnhøgda (1524moh) 13.07.2014
Nordre Midthøin (1574moh) 13.07.2014
Storbrefjellet (1362moh) 13.07.2014
Søre Midthøin (1645moh) 13.07.2014

Siste dag i dette prosjektet. Sjølvsagt ville eg hatt med rekka frå Evelsfonnhøa og nordover til Breifonntinden og 1635 NV for Hauduken. Totalt 5 toppar som bør angripast frå Mardalsbotnen. Med Vinjar med på laget vart denne litt for heftig så den er utsatt til ein anna gong. Å oppsøke dette området ein gong til skal vi med glede gjere. Dei andre turdagane kan ein lese om her:

Rauma: Sandgrovbotnen/Mardalsbotnen dag 1
Rauma/Nesset: Sandgrovbotnen/Mardalsbotnen dag 2
Rauma/Nesset: Sandgrovbotnen/Mardalsbotnen dag 3
Rauma/Nesset: Sandgrovbotnen/Mardalsbotnen dag 4

Vi parkerte ved bommen til veien som går mot Grøttabotnen. Herifrå starta vi med å gå bratt opp mot Søre Midthøin, omtrent over pkt 1485. Eg hadde veldig lyst på ein skikkeleg rundtur denne dagen. Etter ein del vurdering av terrenget vidare vart vi einige om å skille lag. Lise returnerte same vegen saman med Vinjar. Dei gjekk etterpå til Litlfjellet som eg og Vinjar var på dagen før. Dette var nok eit lurt valg. Passerte mellom vatn 1266 og 1182, ned hit var det mykje utriveleg terreng, stein og ur. Greitt vidare opp mot Nordre Midthøin. Gjekk vidare mot Grytilløyfta. Passerte vatn 1193 på sørsida. Ein del sva og vått nedover etter vatnet men ikkje noko problem. Opp til pkt 1197 og ryggen til Bjørnabotnhøgda. Etter denne toppen brukte eg snøfelta og sprang heilt ned til vatn 1208 øst for Storbreen. Passerte dette vatnet på sørsida og tok den enkle avstikkaren opp til Storbrefjellet. Knota meg ned i Mardalsbotnen og fulgte omtrent merka sti tilbake til bilen. Lise hadde trilla ein km lenger innover og stod parkert i første svingen ned mot Mardalsvatnet. Ein god pause og litt kroppshygiene før vi tok til på heimvegen. 5 fantastiske dagar i boks med lange turar og høge toppar.

Frå Søre Midthøin mot Store Venjetind og Kvanndalstind
Frå Søre Midthøin mot Store Venjetind og Kvanndalstind

Kommentarer

  • -
    avatar

    Solid runde

    Skrevet av otto 23.08.2014 07:32

    Denne runden så fin ut, samme med været.. Ps og for et herlig liv for guttungen...Spørs neste sommer da er han kanskje for tung..!!

    • -
      avatar

      Sv: Solid runde

      Skrevet av boven 23.08.2014 20:31

      Han blir lang og nesten vektlaus slik som faren. Neste år får vi han bak på ryggen, det blir meget bra. Er vant med å bære veldig tunge sekkar.

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.