Rauma/Nesset: Sandgrovbotnen/Mardalsbotnen dag 4 (12.07.2014)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Characteristic Hillwalk
Vertical meters 1,300m
Map
Ascents Geitsida (1,173m) 12.07.2014
Litlfjellet (1,351m) 12.07.2014
Rangåhøgda (1,768m) 12.07.2014

Ein "roleg" dag. Overnatta ved vatn 1049 sør for Litlfjellet. Nydeleg ver som vanleg denne kanonveka. Vi delte oss denne dagen. Eg starta med Rangåhøgda. Gjekk knappe 2 km rett vestover mot Rangåhøgda. Tok peiling på rute opp nord for elva. Bratt eit lite parti men ikkje vanskeleg eller klyving. Gjekk godt nord for det lisje vatnet i kupa (ca 1150 moh) Enkelt vidare til Rangåhøgda. 2 reinsdyr låg i snøen ved toppen. Retur same vei. Tilbake ved bilen bytta vi, Lise til Rangåhøgda og eg gjekk til Litlfjellet med Vinjar. Svært roleg til Litlfjellet, stort sett veldig lett å gå. Passerte den merka ruta som er innteikna på kartet. Dvs, det står varding til ei rute, men denne kan vel aldri ha blitt brukt. Ikkje så mykje som antydning til sti. Etter at anleggsveien kom er det vel få som tenkjer på å gå etter denne merkinga. Siste tur vart Geitsida. Kjøyrde tilbake over brua sørvest for Litlehaugen. Då slapp vi elvekryssing av noko slag men litt lenger å gå. Frå ein liten parkeringslomme går det sti nordover langs elva mot vatn 1019. Denne stien fann vi ikkje før på returen. Leit litt om du skal innover der, den vil forenkle turen ein del. Uansett lettgått. Ein nydeleg kveld med flott lys. Gjennom Grøttabotthalsen kunne vi sjå Store Venjetinden. Ein dag blir det vel tur dit og får vi håpe, den står iallefall høgt oppe på blokka.

Store Venjetinden, sett gjennom Grøttabotthalsen
Store Venjetinden, sett gjennom Grøttabotthalsen

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.